1Sidan for Jesus kringum i Galilæa; han vilde ikkje ferdast kring i Judæa; for jødarne sat um og vilde drepa honom. 2So leid det fram til den jødiske høgtidi dei kallar lauvhyttehelgi. 3Då sagde brørne hans til honom: «Flytt herifrå, og far til Judæa, so læresveinarne dine og kann få sjå dei verki du gjer! 4For ingen som vil vera namnspurd, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, so syn deg fram for verdi!» 5For brørne hans trudde ikkje på honom, dei heller. 6Jesus svara: «Mi tid er endå ikkje komi; men for dykk er det allstødt lagleg tid. 7Verdi kann ikkje hata dykk; men meg hatar ho, for di eg vitnar um henne, at gjerningarne hennar er vonde. 8Far de upp til høgtidi! Eg fer ikkje upp til denne høgtidi; for mi tid er endå ikkje fullkomi.» 9Dette sagde han med deim, og vart verande i Galilæa. 10Men då brørne hans var farne upp til høgtidi, då for han og dit, ikkje berrsynt, men som i løynd. 11Jødarne leita no etter honom på høgtidi og sagde: «Kvar er han, denne mannen?» 12Og det vart mykje mulling um honom millom folket; sume sagde: «Det er ein god mann!» andre sagde: «Nei, han forvillar folket!» 13Men ingen tala fritt ut um honom; for dei var rædde jødarne. 14Då det alt leid midt uti høgtidi, gjekk Jesus upp i templet og lærde. 15Jødarne undra seg og sagde: «Kvar hev han lærdomen sin frå, som ikkje hev gjenge på nokon skule?» 16Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Mi læra er ’kje mi, men hans som sende meg. 17Vil nokon gjera etter hans vilje, skal han få røyna um læra er frå Gud, eller um eg talar av meg sjølv. 18Den som talar av seg sjølv, søkjer si eigi æra; men den som søkjer æra åt den som hev sendt honom, er sannordig, og det finst ikkje urett i honom. 19Hev ’kje Moses gjeve dykk lovi? og ingen av dykk held lovi. Kvi tenkjer de på å drepa meg?» 20«Du er forgjord!» svara folket, «kven tenkjer på å drepa deg?» 21Jesus svara deim: «Eg gjorde eitt verk, som de alle undrar dykk yver. 22Moses hev gjeve dykk umskjeringi - ja, ho er no ikkje frå Moses, men frå federne - og de umskjer eit menneskje på kviledagen. 23Når no eit menneskje fær umskjeringi på kviledagen, so ikkje lovi åt Moses skal brjotast, er de då harme på meg for di eg gjorde eit heilt menneskje godt att på ein kviledag? 24Døm ikkje etter det som er utvendes, men lat domen dykkar vera rettferdig!» 25Det var nokre av Jerusalems-buarne som sagde: «Er ’kje dette den mannen som dei tenkjer på å drepa? 26og no talar han fritt ut, og dei segjer ikkje eit ord til honom! Skulde dei styrande retteleg ha skyna at han er Messias? 27Men um denne mannen veit me kvar han er ifrå, og når Messias kjem, veit ingen kvar han er ifrå.» 28Difor ropa Jesus, med han lærde i templet: «Ja, de kjenner meg, og de veit og kvar eg er ifrå; og endå er eg ikkje komen av meg sjølv, men det er i røyndi ein som hev sendt meg, ein som de ikkje kjenner; 29eg kjenner honom, for eg kjem ifrå honom, og det var han som sende meg.» 30Då vilde dei gripa honom; men ingen lagde hand på honom; for endå var ’kje tidi hans komi. 31Men mange av folket trudde på honom og sagde: «Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen hev gjort?» 32Farisæarane høyrde at folket mulla soleis um honom, og øvsteprestarne og farisæarane sende tenarar som skulde gripa honom. 33Då sagde Jesus: «Endå eit lite bil er eg hjå dykk, so gjeng eg til honom som hev sendt meg; 34de skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma.» 35So sagde jødarne seg imillom: «Kvar vil han fara av, sidan me ikkje skal finna honom? Tru han vil fara til deim som bur rundt ikring millom grækarane, og læra grækarane? 36Kva meinte han med dei ordi han sagde: «De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma?»» 37Den siste dagen, den største i høgtidi, stod Jesus og ropa ut: «Er det nokon som er tyrst, so lat honom koma til meg og drikka! 38Den som trur på meg, frå hans liv skal det, som Skrifti segjer, renna elvar med livande vatn.» 39Det sagde han um Anden som dei skulde få, dei som trudde på honom; for endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord. 40Sume bland folket sagde då dei høyrde dei ordi: «Dette er visst og sant profeten.» 41Andre sagde: «Det er Messias.» Men sume sagde: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilæa? 42Hev ikkje Skrifti sagt at Messias er av Davids ætt, og kjem frå Betlehem, den grendi som David åtte heime i?» 43Soleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld, 44og sume av deim var huga til å gripa honom, men ingen lagde hand på honom. 45Då tenararne kom attende, sagde øvsteprestarne og farisæarane til deim: «Kvi tok de honom ikkje med dykk?» 46Tenarane svara: «Aldri hev noko menneskje tala som honom!» 47Då sagde farisæarane: «Hev de og vorte dåra? 48Er det nokon av dei styrande som trur på honom, eller av farisæarane? 49Men denne mugen, som ikkje kjenner lovi, er forbanna.» 50Segjer Nikodemus, han som fyrr ein gong var komen til Jesus, og som høyrde til flokken deira: 51«Dømer lovi vår nokon mann, fyrr dei hev høyrt på honom og fenge vita kva han gjer?» 52«Er du og frå Galilæa, kann henda?» svara dei. «Granska etter, so fær du sjå at det aldri kjem nokon profet frå Galilæa!» 53So gjekk kvar heim til seg.