1Sidan for Jesus burt til hi sida av Galilæa- eller Tiberias-sjøen. 2Og det fylgde honom mykje folk, av di dei såg dei teikni han gjorde på dei sjuke. 3Men Jesus gjekk upp i fjellet, og der sette han seg med læresveinarne sine. 4Det leid då mot påskehelgi åt jødarne. 5Som no Jesus såg upp og vart var at det kom mykje folk til honom, segjer han til Filip: «Kvar skal me kjøpa brød, so desse folki kann få noko å eta?» 6Det sagde han av di han vilde røyna honom; for han visste sjølv kva han vilde gjera. 7«Brød for eit halvt hundrad dalar rekk ikkje til, so kvar av deim kann få eit lite stykke,» svara Filip. 8Ein av læresveinarne hans - det var Andreas, bror åt Simon Peter - segjer til honom: 9«Her er ein liten gut som hev fem byggbrød og tvo fiskar, men kva er det åt so mange?» 10«Lat folket setja seg!» sagde Jesus. Det var mykje gras på den staden; so sette mennerne seg; dei var um lag fem tusund i talet. 11Då tok Jesus brødi, og takka, og skifte deim ut til deim som sat der, og like eins av fiskarne, so mykje dei vilde hava. 12Då dei var mette, segjer han til læresveinarne: «Sanka i hop dei molarne som att er, so ingen ting vert spillt!» 13So gjorde dei det, og dei fyllte tolv korger med molarne som var att av dei fem byggbrødi etter deim som hadde ete. 14Då no folket såg det teiknet han hadde gjort, sagde dei: «Dette er visst og sant profeten som skal koma til verdi!» 15Då skyna Jesus at dei vilde koma og taka honom med magt og gjera honom til konge; difor drog han seg undan og gjekk upp i fjellet att, han åleine. 16Då det vart kveld, gjekk læresveinarne ned til sjøen; 17dei steig ut i båten og vilde fara yver sjøen, til Kapernaum. Det var alt myrkt vorte, og Jesus var endå ikkje komen til deim. 18Bårorne gjekk høgt; for det bles ein hard vind. 19Då dei so hadde rott umlag ei halv mil eller halvtridje fjordung, ser dei at Jesus kjem gangande på sjøen og kjem næmare og næmare innåt båten. Dei vart rædde, 20men han sagde: «Det er eg; ver ikkje rædde!» 21Då vilde dei taka honom upp i båten, og straks var båten ved det landet dei skulde til. 22Dagen etter stod det endå ein folkehop på hi sida av sjøen; dei hadde set at det ikkje var meir enn ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten med læresveinarne sine, men læresveinarne tok av stad åleine. 23Men det kom båtar frå Tiberias, tett innmed den staden dei hadde halde måltid etterpå Herrens takkebøn. 24Då no folket såg at Jesus ikkje var der, og ikkje læresveinarne hans heller, steig dei sjølve i båtarne og for til Kapernaum og leita etter Jesus, 25og då dei fann han der, på hi sida av sjøen, sagde dei til honom: «Når kom du hit, meister?» 26Jesus svara deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Det er ’kje for di de såg teikn at de leitar etter meg, men for di de åt av brødi og vart mette. 27Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit ævelegt liv! Den skal Menneskjesonen gjeva dykk; for honom hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.» 28Då sagde dei til honom: «Korleis skal me fara åt, so me kann gjera Guds gjerningar?» 29Jesus svara: «Det er Guds gjerning, at de skal tru på den som han sende.» 30Då sagde dei til honom: «Kva teikn gjer då du, so me kann sjå det og tru deg? kva for verk gjer du? 31Federne våre åt manna i øydemarki, som skrive stend: «Han gav dei brød frå himmelen å eta.»» 32Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen, men Far min gjev dykk det rette brødet frå himmelen; 33for Guds-brødet er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verdi liv.» 34Då sagde dei til honom: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35Jesus svara: «Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. 36Men eg sagde dykk at de hev set meg og endå ikkje trur. 37Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt; 38for eg hev kome ned frå himmelen, ikkje til å gjera det eg sjølv vil, men det han vil som sende meg, 39og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av deim han hev gjeve meg, men vekkja deim upp att på den siste dag. 40For so vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på honom, skal hava ævelegt liv, og at eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.» 41Då murra jødarne og fann åt honom, for di han sagde: «Eg er brødet som kom ned frå himmelen.» 42«Er ’kje dette Jesus Josefsson? sagde dei; «me kjenner då både far hans og mor hans; korleis hev det seg at han no segjer: «Eg hev kome ned frå himmelen?»» 43Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Haldt ikkje på å murra dykk imillom! 44Ingen kann koma til meg utan Faderen, som sende meg, hev drege honom, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag. 45Det stend skrive hjå profetarne: «Og alle skal dei vera upplærde av Gud.» Kvar som hev lydt på Faderen og lært, han kjem til meg. 46Ikkje so at nokon hev set Faderen utan han som er frå Gud, han hev set Faderen. 47Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur, hev ævelegt liv. 48Eg er livsens brød. 49Federne dykkar åt manna i øydemarki og døydde; 50her er det brødet som kjem ned frå himmelen, so den som et av det ikkje skal døy. 51Eg er det livande brødet som kom ned frå himmelen; dersom nokon et av det brødet, skal liva i all æva; og brødet eg vil gjeva, er kjøtet mitt, som eg gjev til liv for verdi.» 52Då trætta jødarne med kvarandre og sagde: «Korleis kann han gjeva oss kjøtet sitt å eta?» 53Då sagde Jesus til deim: Det segjer eg dykk for visst og sant: Et de ikkje kjøtet åt Menneskjesonen, og drikk blodet hans, so hev de ikkje liv i dykk. 54Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, hev eit ævelegt liv, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag. 55For kjøtet mitt er retteleg mat, og blodet mitt er retteleg drykk. 56Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, han vert verande i meg, og eg i honom. 57Som den livande Faderen sende meg, og eg liver ved Faderen, so skal og den som et meg liva ved meg. 58Det er brødet som kom ned frå himmelen; det er ’kje som det federne dykkar åt, og so døydde: den som et dette brødet, skal liva i all æva.» 59Dette sagde han i eit synagogemøte, med han lærde i Kapernaum. 60Mange av læresveinarne hans sagde då dei høyrde det: «Dette er stride ord, kven kann lyda på honom?» 61Jesus visste med seg at læresveinarne hans murra um dette, og han sagde til deim: «Støyter de dykk på dette? 62Enn um de no fær sjå Menneskjesonen fara upp dit han var fyrr! 63Det er åndi som gjev liv; kjøtet gjer ikkje noko gagn. Dei ordi eg hev tala til dykk, er ånd, og er liv; 64men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven det var som skulde svika honom. 65Og han sagde: «Difor var det eg sagde dykk at ingen kann koma til meg utan det er gjeve honom av Faderen.» 66For dette var det mange av læresveinarne hans som drog seg undan og ikkje gjekk ikring med honom lenger. 67Då sagde Jesus til dei tolv: «Vil de og ganga dykkar veg?» 68Simon Peter svara: «Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord, 69og me trur og veit at du er den Heilage frå Gud.» 70«Hev eg ikkje sjølv valt dykk ut, alle tolv?» svara Jesus, «og ein av dykk er ein djevel!» 71Han meinte Judas, son åt Simon Iskariot; for det var han som sidan skulde svika honom - han, ein av dei tolv.