1Ei tid etterpå var det ei av høgtiderne åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem. 2Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda, med fem sulehallar kringum; 3i deim låg det ei heil mengd med sjuke - blinde, halte, nomne - som venta på at vatnet skulle rørast upp; 4for ein engel for frå tid til tid ned i dammen og rørde upp vatnet, og den fyrste som då steig uti, etter at vatnet var upprørt, han vart frisk, kva sjukdom han so leid av. 5No var det der ein mann som hadde dregest med sjukdomen sin i åtte og tretti år. 6Då Jesus såg honom liggja der, og fekk vita at han hadde vore sjuk i lang tid, sagde han til honom: «Vil du verta frisk?» 7«Herre,» svara den sjuke, «eg hev ingen som kann bera meg ned i dammen når vatnet tek til å rørast, og med eg er på vegen, stig ein annan ned fyre meg.» 8Jesus segjer til honom: «Statt upp, tak sengi di og gakk!» 9Og straks vart mannen frisk, og tok sengi si og gjekk. Det var ein kviledag dette hende; 10difor sagde jødarne til den som hadde vorte lækt: «Det er kviledag! Du hev ikkje lov til å bera sengi.» 11Han svara: «Den som gjorde meg frisk, han sagde til meg: «Tak sengi di og gakk!»» 12Dei spurde honom: «Kva var det for ein mann som sagde til deg: «Tak sengi di og gakk?»» 13Men den som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde drege seg undan av di det var so mykje folk der på staden. 14Sidan fekk Jesus sjå honom i templet og sagde til honom: «No hev du fenge att helsa di. Synda no ikkje meir! elles kunde det henda deg noko verre!» 15Mannen gjekk av stad og sagde med jødarne at det var Jesus som hadde gjort honom frisk. 16Og difor forfylgde jødarne Jesus, sidan han gjorde slikt på ein kviledag. 17Han svara deim: «Far min arbeider til no; eg arbeider og.» 18Difor var jødarne endå meir huga på å drepa honom, sidan han ikkje berre braut helgi, men jamvel kalla Gud Far sin, og gjorde seg sjølv lik med Gud. 19So tok Jesus til ords og sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Sonen kann ingen ting gjera av seg sjølv, anna enn det han ser Faderen gjer; for det han gjer, det gjer Sonen og like eins. 20For Faderen Sonen kjær, og syner honom alt det han gjer sjølv, og han skal syna honom større verk enn desse, so de skal koma til å undrast. 21For liksom Faderen vekkjer upp dei daude og gjev deim liv, soleis gjev Sonen og liv åt kven han vil. 22For Faderen dømer ikkje heller nokon, men hev gjeve heile domen yver til Sonen, 23so alle skal æra Sonen som dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar ikkje Faderen, som hev sendt honom. 24Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som høyrer mitt ord og trur den som sende meg, han hev ævelegt liv, og kjem ikkje for domen, men hev gjenge yver frå dauden til livet. 25Det segjer eg dykk for visst og sant: Det kjem ei tid, ja, ho hev alt kome, då dei daude skal høyra røysti åt Guds Son, og dei som lyder på henne, skal liva. 26For liksom Faderen hev liv i seg sjølv, so gav han og Sonen den gåva at han hev liv i seg sjølv; 27og han gav honom fullmagt til å halda dom, av di han er ein menneskjeson. 28De må ikkje undrast på det! For det kjem ein time då alle dei som ligg i graverne skal høyra hans røyst, 29og dei skal koma ut; dei som hev gjort godt, skal standa upp til liv, og dei som hev gjort vondt, skal standa upp til dom. 30Eg kann ikkje gjera noko av meg sjølv; eg dømer etter det eg høyrer, og domen min er rettferdig; for eg gjeng ikkje etter min eigen vilje, men etter hans vilje som sende meg. 31Dersom eg vitnar um meg sjølv, so sæter ikkje vitnemålet mitt. 32Det er ein annan som vitnar um meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant. 33De hev sendt bod til Johannes, og han hev vitna for sanningi. 34Men eg tek ikkje mot vitnemål av noko menneskje; dette nemner eg berre av di eg gjerne vil de skal frelsast. 35Han var lampa som brann og skein, og de hadde hug til å gleda dykk eit bil i ljoset hans. 36Men eg hev eit vitnemål som er større enn det frå Johannes; for dei verki som Far min hev gjeve meg, og vil eg fullføra, sjølve dei verki eg gjer, vitnar um meg at Faderen hev sendt meg. 37Og Faderen, som sende meg, hev sjølv vitna um meg. Hans røyst hev de aldri høyrt, og hans skapnad hev de aldri set, 38og hans ord ber de ikkje i hjarta dykkar; for den han sende, honom trur de ikkje. 39De granskar skrifterne av di de tenkjer at de hev eit ævelegt liv i deim, og dei er det som vitnar um meg. 40Og endå vil de ikkje koma til meg, so de kann hava liv. 41Eg tek ikkje mot æra av menneskje, 42men eg kjenner dykk og for at de ikkje hev kjærleiken til Gud i dykk. 43Eg er komen i far min’s namn, og de tek ikkje imot meg; kjem ein annan i sitt eige namn - honom tek de imot! 44Korleis kann de tru, de som tek imot æra av kvarandre, men ikkje søkjer den æra som kjem frå den einaste Gud? 45De må ’kje tenkja eg vil klaga dykk for far min! Det er ein som klagar dykk, Moses, han som de hev sett dykkar von til. 46For trudde de Moses, so trudde de meg; for det er meg han hev skrive um. 47Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis skal de då tru mine ord?»