1Tridje dagen stod det eit brudlaup i Kana i Galilæa. Mor åt Jesus var der, 2og Jesus og læresveinarne hans vart og bedne til brudlaupet. 3Då vinen traut, segjer mor åt Jesus til honom: «Dei hev ikkje vin!» 4«Kva vil du meg, kvinna?» svara Jesus; «mi tid er ikkje endå komi.» 5«Gjer alt han segjer til dykk!» sagde mor hans til bordsveinarne. 6Etter di no jødarne hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vats-kjer av stein; kvart av deim tok tvo eller tri anker. 7«Fyll kjeri med vatn!» segjer Jesus til bordsveinarne. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt barden. 8So sagde han til deim: «Aus no upp, og ber det til kjøkemeisteren!» Dei so gjorde; 9men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinarne visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen, og sagde til honom: 10«Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no!» 11Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilæa, og let sin herlegdom skina fram; og læresveinarne hans trudde på honom. 12Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinarne sine, og der vart dei verande nokre få dagar. 13Det leid til påskehelgi åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem. 14I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar. 15Då gjorde han seg ei svepa av reimar og dreiv deim alle ut or templet, og sauerne og uksarne med; småpengarne åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira, 16og til duvekræmarane sagde han: «Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambud!» 17Og læresveinarne kom i hug at det stend skrive: «Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp.» 18Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette?» 19Jesus svara: «Riv dette templet ned, og eg skal reisa det upp att på tri dagar!» 20«I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet,» sagde dei då, «og du vil reisa det upp att på tri dagar!» 21Men det var likams-templet sitt han tala um. 22Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinarne hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt. 23Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde. 24Men sjølv trudde Jesus seg ikkje til deim, av di han kjende alle, 25og ikkje trong at nokon skulde vitna um noko menneskje; for han visste sjølv kva som budde i det menneskjet.