1Soleis tala Jesus; so lyfte han augo mot himmelen og sagde: «Fader, timen er komen! Herleggjer son din, so son din kann herleggjera deg! 2etter di du gav honom magt yver alt kjøt, so han kann lata alle deim du hev gjeve honom få ævelegt liv, 3og det er det ævelege livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og den du sende, Jesus Kristus. 4Eg hev herleggjort deg på jordi, og fullført det verket du gav meg å gjera; 5herleggjer no du meg, Fader, hjå deg med den herlegdomen eg hadde hjå deg fyrr verdi var til! 6Eg hev openberra ditt namn for dei menneski du gav meg av verdi. Dei var dine, og du gav meg deim, og dei hev halde seg etter ordet ditt. 7No veit dei at alt det du hev gjeve meg, er frå deg! 8for dei ordi du gav meg, hev eg gjeve deim, og dei hev teke imot deim og sanna fullt ut at eg er komen frå deg, og dei trur at du hev sendt meg. 9Eg bed for deim; eg bed ikkje for verdi, men for deim som du hev gjeve meg; for dei er dine, 10og alt som mitt er, er ditt, og det som ditt er, er mitt, og eg er herleggjord i deim. 11Og eg er ikkje lenger i verdi, men dei er i verdi, og eg kjem til deg. Heilage Fader, haldt deim fast i ditt namn, som du hev gjeve meg, so dei kann vera eitt liksom me! 12Då eg var hjå deim, heldt eg deim fast i ditt namn, som du hev gjeve meg, og vara deim, og ingen av deim gjekk til grunns so nær som den eine som laut ganga til grunns, so skrifti skulde sannast. 13Men no kjem eg til deg, og dette talar eg med eg er i verdi, so dei skal hava mi gleda i seg i fullt mål. 14Eg hev gjeve deim ditt ord, og verdi hev lagt deim for hat, for di dei ikkje er av verdi, som eg ikkje er av verdi. 15Eg bed ikkje at du skal taka deim burt or verdi, men at du skal vara deim for det vonde. 16Av verdi er dei ikkje, som eg ikkje er av verdi. 17Helga dei i sanningi! Ditt ord er sanning. 18Som du hev sendt meg til verdi, so hev eg og sendt deim til verdi; 19og eg helgar meg for deim, so dei og skal vera helga i sanning. 20Og eg bed ikkje einast for desse men og for deim som kjem til å tru på meg for deira ord skuld, 21at dei alle må vera eitt, som du, Fader, er i meg, og eg er i deg - at dei og må vera i oss - so verdi kann tru at du hev sendt meg. 22Eg hev gjeve deim den herlegdomen som du hev gjeve meg, so dei skal vera eitt, liksom me er eitt, 23eg i deim og du i meg, so dei skal vera fullkomeleg eitt - so verdi kann skyna at du hev sendt meg og elska deim som du hev elska meg. 24Fader, eg vil at dei du hev gjeve meg, dei skal og vera der eg er, vera hjå meg, so dei fær skoda min herlegdom, som du hev gjeve meg av di du hev elska meg fyrr verdi vart grunnlagd. 25Rettferdige Fader, verdi kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse hev kanna at du hev sendt meg; 26eg hev gjort namnet ditt kunnigt for deim og skal gjera det kunnigt, so den kjærleiken du hev havt til meg, kann vera i deim, og eg sjølv kann vera i deim.»