1Og sidan henda det skal: Eg renner min ande yver alt kjøt. Dykkar søner og døtter skal tala profetord; dei gamle hjå dykk skal draumar drøyma, gutarne dykkar skal syner sjå. 2Ja, og yver trælar og trælekvende eg renner min ande i dagarne dei. 3Under eg gjer på himmel og på jord, blod og eld og kvervlande røyk. 4Soli skal verta til myrker og månen til blod, fyrr han kjem, Herrens dag, den store og skræmelege. 5Men kvar ein som kallar på Herrens namn, bergast skal han. For på Sions fjell og i Jerusalem skal finnast ein flokk av frelste som Herren hev sagt, og til den utfria flokken høyrer dei som Herren kallar. 6For sjå, i dei dagarne og det bilet, då eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7då vil eg samla alle folki og føra deim ned i Josafatsdalen og der halda dom yver deim for mitt folk og min eignalut Israel skuld, som dei spreidde millom folki, og mitt land hev dei bytt. 8Um mitt folk drog dei strå, gav ein gut for ei skjøkja, og ei gjenta selde dei for vin, og so drakk dei. 9Og kva vil det meg, Tyrus og Sidon og Filistar-bygder alle? Er det attergjeld mot meg det vil, eller vil de gjera meg eitkvart? Ovleg brått dykkar verk eg vender imot dykk sjølve, 10De som sylvet og gullet mitt tok, og eignaluter mine so fagre til dykkar tempel førde. 11Og Judas og Jerusalems søner de selde til Javans søner, til å førast so langt burt ifrå sitt land. 12Eg ropar deim fram att frå den staden der de hev selt deim. Dykkar verk eg vendar imot dykk sjølve. 13Eg skal dykkar søner og døtter til Juda-sønerne selja; derifrå skal dei til sabæarane gå, eit folk so langt undan. For Herren hev tala. 14Lat heidningar det høyra! Til herferd vigje dykk! Lat kjemporne koma! Gange fram! Stige fram alle herføre hausar! 15Smide plogarne til sverd og hage-knivarne til spjot! Vesaling segje: «Eg er kjempekar eg!» 16Skunda dykk og kome, heidningar alle ikring! Samle dykk i hop! Dit late du, Herre, dine kjempor stiga ned. 17Lat folki vakna og samlast i Josafatsdalen! For der eg domar sit yver alle folki ikring. 18Fram med sigden! No mognast kornet. Kome, trakke! No er persa full. Kjeraldi fløymer. Ovstor er vondska. 19Flokk på flokk i domsdalen. For Herrens dag er nær i domsdalen. 20Sol og måne dei svartnar, og stjernorne løyner sin glans. 21Og Herren burar frå Sion, frå Jerusalem gjallar hans mål. Og det bivrar både himmel og jord. Men Herren er ei livd for sitt folk og ei borg for Israels søner. Ja, kjenna skal de at eg er Herren, dykkar Gud, som bur på Sion, mitt heilage berg. Og Jerusalem skal ein heilagdom vera, frammandfolk der aldri meir stiga inn. Då skal på den dagen druvesafti drjupa av fjelli og mjølk frå haugarne strøyma, og alle bekkjer i Juda fløyma med vatn. Ei kjelda spring ut frå Herrens hus og vatnar Akaziedalen. Men Egypt skal øydeland verta, og Edom som ville heidi, for valdsverk mot Judas born. Dei hev øydt skuldlaust blod i sitt land. Men Juda skal sitja æveleg trygt, og Jerusalem frå ætt til ætt. Og eg vil hemner deira blod, som eg ikkje hemnde fyrr. Og Herren skal bu på Sion.