1Herrens ord som kom til Joel Petuelsson. 2Gjev gaum åt dette, de som gamle er. Og lyd på det kvar som bur i landet! Hev sovore hendt i dykkar tid, eller i dykkar fedra-tid? 3Fortel det til dykkar born, og dykkar born til sine born, og deira born til ei ætt som kjem! 4Det som gnagaren leivde, åt grashoppen upp. Det som grashoppen leivde, åt bitaren upp. Det som bitaren leivde, åt etaren upp. 5Vakna, de drukne, og gråte, jamra, vindrikkarar alle! For druvesafti er rivi dykk frå munn. 6Eit folk hev fare yver landet mitt, veldugt og utan tal, med tenner som løvetenner, dei jakslar som løvor hev. 7Vintrei mine er tynte og fiketre brotne ned, dei hev flekt deim reint og hivt deim, det heng kvite greiner på. 8Klaga som ei møy som syrgjeklædd gjeng yver sin ungdoms brudgom. 9Grjon- og drykkoffer er kvorvne frå Herrens hus, prestarne syrgjer, Herrens tenarar. 10Åkrar er øydde, jordi jamrar. For øydt er kornet, vinsafti magtlaus, oljen er kvorven. 11Bonden er magtstolen, vindyrkar rådlaus for kveite og bygg, grøda på marki er tynt. 12Vintre er mergstolne, fiketre folna. Granattre og palma og apall, alle tre hev turka burt. Ja, fagnaden er stolen frå mannaheim. 13Syrgjeklædde klage, de prestar! Jamra dykk, de som tener ved altaret! Gakk inn og vake syrgjeklædde, de min Guds tenarar! For burte frå dykkar Guds hus er grjon- og drykkoffer. 14Lys ut fasta og heilag samling, få dei gamle i hop, ja alle som bur i landet, til Herren, dykkar Guds hus! Til Herren de ropa må. 15Å hå for ein dag! Nær er Herrens dag. Som vald ifrå Allvald han kjem. 16Strauk ikkje maten burt med me såg på, frå Guds hus gleda og frygd? 17Kornet turkar burt under jordskorpa. Tome er buri, lødorne øydest. Ja, kornet turkar burt. 18Kor buskapen rautar! Rådlaus er kvar bøling; for ikkje beite dei finn, sauerne jamvel lyt bøta. 19Til deg, Herre, ropar eg. For elden han åt hamni på heidi, og logen leika i ved og i tre. 20Jamvel dyri i marki etter deg mun stynja, for turre er bekkjefari. Og elden han åt hamni på heidi.