1Ingen torer eggja honom; kven kann då mot meg reisa? 2Kven gav meg, so eg gjev att? Under himmeln alt eg eig. 3Ei eg tegjer um hans lemer, um hans sterke, væne bygnad. 4Kven hev drege brynja av han, Gjenge inn i duble tanngard? 5Kven hev opna kjakeporten? Rædsla kring hans tenner ligg. 6Sterke er hans skjolde-rader, feste med ei fast forsigling. 7Tett dei ligg innåt kvarandre, ingi luft slepp millom deim. 8Eine skjolden i den andre heng i hop, skilst ikkje åt. 9Ljos ifrå hans njosing strålar, augo skin som morgonroden. 10Or hans gap skyt brandar fram, gneistar sprutar derifrå. 11Or hans nasar stig det røyk, liksom eim or kjel som kokar. 12Anden hans set eld på kol, logen ut or gapet stend. 13I hans nakke styrken bur, rædsla spring framfor hans åsyn. 14Tette sit kjøtvalkarne, støypte fast urikkelg. 15Hjarta hans er hardt som stein, fast som understein i kverni. 16Kjempor ræddast når han ris, misser både mod og hugs; 17Sverd vil ikkje bita på, ikkje skot med spjot og pil. 18Jarn agtar han liksom strå, kopar nett som fauskeved. 19Ei han vik for bogesonen; stein frå slyngja vert som halm, 20og stridsklubba vert som strå, og han lær åt spjot som susar. 21Under han er kvasse broddar, spor dei set som treskjeslede. 22Djupet kokar som ei gryta, sjøen som ein salvekjel. 23Vegen lyser etter honom, djupet skin som sylverhår. 24Liken hans på jord ei finst, denne skapning utan ræddhug. 25Han ser ned på alt som høgt er, konge yver alle kaute.» 26 27 28 29 30 31 32 33 34