1Og Herren svara Job or stormen og sagde: 2«Spenn som mann ditt beltet på, gjev meg på mine spursmål svar: 3Vil du forspille meg min rett, fordøma meg, so du fær rett? 4Hev du vel slik ein arm som Gud? Kann du som han med røysti dundra? 5Pryd deg med høgd og herredom, klæd deg i glans og herlegdom, 6Lat so din vreide strøyma fram, sjå kvar ein stolt og audmyk han! 7Så kvar ein stolt og bøyg han ned, og slå til jord dei gudlause! 8Og gøym deim alle under jordi, bitt deira andlit fast i løynd! 9So skal eg og lovprisa deg, som siger med di høgre vann. 10Sjå elvhesten! Eg hev skapt han liksom deg; som ein ukse et han gras. 11Sjå då krafti i hans lender, i bukmusklarne hans styrke! 12Halen gjer han stiv som ceder, fast bogsenarne er tvinna. 13Knokarne er koparrøyrer, beini som jarnstenger er. 14Av Guds verk er han det fyrste, av sin skapar fekk han sverd. 15Bergi ber åt honom for, alle villdyr leikar der. 16Under lotusbusk han kviler, løyner seg i røyr og sev. 17Lotusbusk gjev honom skugge, piletre umkransar honom. 18Strid gjeng elvi, ei han ottast; trygg er han um so sjølve Jordan fossar imot hans gap. 19Kann ein tak han so han ser det, draga snara gjenom snuten? 20Kann du fiska krokodillen, binda tunga hans med taum, 21Draga snor i gjenom nosi, hogga krok i kjaken hans? 22Vil han tigga um nåde, tala mjuke ord til deg? 23Tru han vil gjera samband med deg og din træl for alltid verta? 24Kann du han som leikfugl halda for smågjentorne i band? Handlar fiskarlag med honom, skiftar ut til kræmarar? Kann hans hud med spjot du fylla, og hans hovud med harpunar? Berre prøv - du skal det minnast; enn ein gong du gjer det ikkje! Kvar og ein vil missa voni, verta feld ved syni av han.