1Og Herren svara Job or stormen og sagde: 2«Kven er det som gjer rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn? 3Spenn som ein mann ditt belte på, gjev meg på mine spursmål svar. 4Kvar var du då eg grunna jordi? Seg fram, i fall du greida hev! 5Kven sette måli - veit du det? - Og spana målsnor yver henne? 6Kvar vart pelaran’ sette ned? Kven la vel hennar hyrnestein, 7med alle morgonstjernor kvad, gudssønerne av gleda song? 8Kven stengde havet inn med dører, då det braut ut or moderfang? 9Då eg det skyer gav til klæde og myrkeskodd til sveip åt det 10då eg for det ei grensa sette og trygga ho med port og bom 11og sagde: «Hit og ikkje lenger! Di byrge bylgja stogge her!» 12Baud du vel dagsprett nokon gong? Gav du morgonroden stad, 13so femner kringum ytste jordi, so syndaran’ vart riste av? 14Då tek ho form som leir for segl, og all stend greinlegt som ein klædnad. 15Då misser gudlause sitt ljos, den arm som lyfte seg, vert knekt. 16Kom du til havsens kjeldor fram, hev du på avgrunns-botnen gjenge? 17Hev daude-portarn’ vist seg for deg? Ja, såg du daudeskuggens portar? 18Og hev du vel jordviddi set? Kjenner du alt i hop, seg fram! 19Kvar finn ein veg dit ljoset bur? Og kvar hev myrkret heimen sin? 20So du kann henta deim til grensa og vita veg til deira hus. 21Du veit det, du vart fødd den gong, og dagetalet ditt er stort. 22Kom du dit snøen uppspard ligg? Og såg du forrådshus for haglet, 23som eg til trengsle-tidi gøymer, til dagarne med kamp og krig? 24Kva veg tru ljoset deiler seg, austanvinden spreider seg på jordi? 25Kven laga renna vel for regnet og brøytte veg for torestrålen, 26so væta kjem til aude land, til øydemark der ingen bur, 27til kveikjing for den nakne heid, so gras kann gro der fyrr var bert? 28Skal tru um regnet hev ein far? Kven avlar vel doggdroparne? 29Kva moderliv kom isen or? Kven avla rim i himmelrømd, 30når vatnet hardnar liksom stein, når havflata stivnar til? 31Bind du vel bandet um Sjustjerna? Løyser du lekkjet av Orion? 32Set du rett tid for dyreringen? Og driv du Bjørnen og hans ungar? 33Kjenner du himmelleverne? Gav du han yver jordi magt? 34Kann røysti di til skyi nå, so vatnet fløymer yver deg? 35Byd du vel ljoni fara ut, so dei deg svarar: «Her er me?» 36Kven la i myrke skyer visdom? Kven gav forstand til hildringi? 37Kven tel med visdom skyerne? Kven tømer himmelfati ut, 38når turre mold vert samanrend, jordklumpar kleimer seg i hop? 39 40 41