1For dette bivrar hjarta mitt og lyfter seg frå staden sin. 2Å, høyr på harmen i hans røyst, den dun som dundrar or hans munn! 3Det fer burt under himmelkvelv, men elden skin til heimsens endar. 4So burar røysti etterpå, han torar med sitt stolte mod, og ljoni held han ikkje att når røysti si han ljoma let. 5Gud torar underfullt med røysti, gjer storverk som me ei kann skyna. 6Han snøen byd: «Fall ned til jord!» Til regnet og, sitt sterke silregn. 7Han stengjer av for mannehand, so all hans skapning læra må. 8Villdyri gjeng til sine hi og kvilar på sin legestad. 9Or inste kammer kjem det storm, og kulde ut av vindarne. 10Utav Guds ande gustar frost, dei vide vatni kjem i tvang. 11Han lastar skyi og med væta og breider sine elding-skyer, 12og hit og dit dei hastar fram, og skifter leid som han det vil og set i verk det som han byd, utyver vide jordheims-kringen; 13anten til ris, når jordi treng det, ell’ og med nåde lyt dei råka. 14Job, lyd på dette, statt no still, gjev gaum på undri Gud hev gjort! 15Veit du når Gud deim segjer fyre, og let sitt ljos or skyi skina? 16Veit du vel korleis skyi sviv, um underi åt den Allvise? 17Du som i heite klæde styn, når jordi brenn i sunnanvind? 18Gjer du med honom himmelkvelven, som er so fast som støypte spegel? 19Lær oss, kva me skal segja honom! Me tegja lyt for berre myrker. 20Skal han få melding at eg talar? Vil nokon ynskja seg å tynast? 21No kann ein ikkje ljoset sjå, um enn det klårt på himmeln skin, men vinden sopar skyi burt. 22Langt nordanfrå kjem gullet hit, ein fælsleg glans ligg yver Gud. 23Til Allvald kann me ikkje nå, til han som er so stor i magt; men rett og rettferd ei han krenkjer. 24Difor ber folket age for han, han ansar ingen sjølvklok mann.»