1Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin. 2Job tok til ords og sagde: 3«Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: «Ein svein er avla!» 4Må denne dag til myrker verta - burtgløymd av Gud i høge himmel - og inkje ljos på honom skina! 5Lat svarte myrkret honom eiga og skyer seg kring honom samla! Dagmyrkjingar skal honom skræma 6og myrkret gløypa denne natt! Burt med den natt frå årsens dagar, ho kome ei i månads tal! 7Ja, aud og tom skal natti verta og ingen fagnad i ho klinga; 8Dagbannarar skal henne banna, dei som kann mana upp Livjatan, 9Og morgonstjernor skal ’kje skina; fåfengt ho venta skal på ljoset - augbrunerne av morgonroden - 10av di ho ei livsdøri stengde på mor mi, so eg slapp for kval. 11Kvi døydd’ eg ei i moders liv? Ell’ slokna då eg rett var fødd? 12Kvi fanst det kne som mot meg tok; og brjost eg kunde suga ved? 13So låg eg still og kvilde no, eg sov og hadde ro og fred 14hjå kongar og hjå fyrstar, som til gravstad pyramider bygde, 15hjå hovdingar som åtte gull og fyllte sine hus med sylv; 16ell’ ufødd var eg ikkje til, lik born som aldri ljoset såg. 17Der rasar ei dei vonde meir; der kviler dei som trøytte er; 18og fangarne er trygge der; dei høyrer ingen drivar meir. 19Der stor og liten like er, og trælen fri for herren sin. 20Kvi gjev han ljos til den som lid, og liv til deim som gremmer seg, 21som fåfengt stundar etter dauden, og søkjer han som løynde skatt, 22som gled seg, ja, som jublar høgt, og fegnast når dei finn ei grav - 23til mannen som ei finn sin veg, som Gud set fast og stengjer inne? 24Min sukk hev vorte daglegt brød, og klaga mi som vatnet strøymar. 25Meg råkar det eg ottast fyre; det som eg ræddast, hender meg. 26Snaudt fær eg fred, snaudt fær eg ro, snaudt lindring - so kjem uro att.»