1Då svara Job og sagde: 2«Endå gjeld klaga mi for tråss, tungt legg eg handi på min sukk. 3Berre eg kunde finna honom og koma til hans bustad fram! 4Då la eg fram for han mi sak og fyllte munnen min med prov. 5Då høyrde eg kva svar han gav, og merka det han sa til meg. 6Vilde med magt han mot meg standa? Nei, lyda på meg vilde han. 7Ein skuldfri stod då for han fram; for alltid slapp eg domar min. 8Gjeng eg i aust, han er ’kje der; mot vest, eg vert han ikkje var; 9i nord han verkar, ei eg ser han, han snur mot sud, eg ser han ikkje. 10For all den veg eg fer han kjenner; prøvde han meg, eg var som gull. 11Min fot hev fylgt i faret hans; hans veg eg gjeng ubrigdeleg, 12veik ei frå det hans lippa baud, meir enn mi lov eg lydde hans. 13Men ein er han, kven hindrar honom? Det han hev hug til, gjer han og. 14Han um min lagnad avgjerd tek, og hev med meg so mangt i emning. 15Eg difor ræddast for hans åsyn, når eg det minnest, skjelv eg for han. 16Ja, Gud hev brote ned mitt mod, og Allvald hev gjort meg fælen, 17ei er det myrkret som meg tyner, og ei mi eigi myrke åsyn.