1Då svara Job og sagde: 2«Eg hev høyrt nok av dette slag; d’er brysam trøyst de alle gjev. 3Vert det ’kje slutt på tome ord? Kva er det som til svar deg driv? 4Eg skulde tala liksom de, i fall de var i staden min; eg sette ord i hop mot dykk, eg riste hovudet mot dykk; 5eg skulde trøysta dykk med munnen og lindra dykk med lippemedynk. 6Men tale lindrar ei min verk, og ikkje kverv han um eg tegjer. 7Men no hev han meg trøytta ut, du hev øydt ut min heile huslyd. 8Du klemde meg, til vitne vart det, mi liding reiste seg imot meg og vitna mot meg beint i syni. 9Hans vreide reiv og elte meg; han gnistra tennerne imot meg; fiendar kveste augo på meg 10og opna munnen sin imot meg og slo mi kinn med skjemdarslag og stima saman imot meg. 11Til farkar Gud meg yverlet og kastar meg i brotsmenns vald. 12Midt i min fred han skræmde meg, treiv meg i nakken, krasa meg, til skiva sette han meg upp. 13Hans pilar svirrar kringum meg; bønlaust han kløyver mine nyro, mitt gall han tømer ut på jordi. 14Han bryt meg sund med brot på brot og stormar mot meg som ei kjempa. 15Sekk hev eg sytt um hudi mi og stukke hornet mitt i moldi. 16Raudt er mitt andlit utav gråt, og myrkret tyngjer augneloki, 17endå mi hand er rein for vald, og bøni mi er fri for svik. 18Løyn ikkje blodet mitt, du jord! Legg ikkje klaga mi til kvile! 19Alt no mitt vitne er i himmeln, min målsmann i det høge bur. 20Når mine vener spottar meg; til Gud eg tårut auga vender. 21Han døme millom Gud og mann og millom mannen og hans ven. 22Og ikkje mange år det vert fyrr eg gjeng burt og kjem ’kje att.