1Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde: 2«Kjem svar i vind og ver frå vismann? Fyller han barmen sin med storm? 3Vil han med ugangstale lasta? Med ord som nyttelause er? 4Otten for Gud den bryt du ned og skjeplar andakt for Guds åsyn. 5For syndi styrer munnen din; du talar som dei falske talar. 6Din munn deg dømer, ikkje eg; og dine lippor vitnar mot deg. 7Vart fyrst av menneskje du fødd? Vert fyre haugarne du avla? 8Var du i Guds rådleggjing med? Og fekk du visdom til deg rana? 9Kva veit du som me ikkje veit? Kva skynar du som me ei kjenner? 10Gråhærd og gamling er hjå oss; han eldre er enn jamvel far din. 11Er trøyst frå Gud det altfor ring? Vanvyrder du eit rolegt ord? 12Kvi let du hugen eggja deg? Kvi let du auga rulla vilt? 13For imot Gud din harm du snur og let or munnen ordi strøyma. 14Kor kann vel mannen vera rein? Og kvinnefødde hava rett? 15På sine heilage han lit ei; for honom er ’kje himmeln rein, 16langt mindre då ein styggeting, ein mann som urett drikk som med vatn. 17Eg vil deg læra; høyr på meg! Det som eg såg, vil eg deg melda, 18det som vismenner segja kann, og ei hev dult frå sine feder, 19dei som åleine landet åtte, og ingen framand kom bland deim. 20Den vonde stødt i uro liver, for valdsmann gøymt er fåe år. 21I øyro rædsletonar ljomar; fyrr han veit av, kjem tynaren. 22Han trur ’kje han kann fly frå myrkret; han venta lyt det kvasse sverd. 23Han leitar etter brød: Kvar er det? Han veit, ein myrk dag er for hand. 24Naud, trengsla skræmer, tyngjer honom, liksom ein konge budd til strid. 25For imot Gud han lyfte handi og våga tråssa Allvalds-Gud, 26han storma fram med nakken lyft, med vern utav skjold-ryggjer sterke; 27han dekte andlitet med feitt og gjorde sine lender feite. 28Han budde i bannstøytte byar, i hus som ingen burde bu i, men til grushaugar etla var. 29Han vart ’kje rik, hans gods kverv burt, hans grøda luter ei mot jordi. 30Han kann ’kje koma undan myrkret. Hans greiner turkast burt i hiten, og han kjem burt ved hans munns ande. 31Trur han på fåfengd, vert han narra, og berre fåfengd haustar han. 32Fyrr dagen kjem, då vert det uppfyllt, hans palmegreiner grønkar ikkje. 33Lik vinstokk misser han si druva, spiller sin blom som oljetreet. 34Ein syndarflokk set ingi frukt, og elden øyder mute- tjeldi. 35Dei avlar møda, føder tjon, og svik i fanget sitt dei nører.»