1Sjå - menneskjet, av kvinna født, det liver stutt, av uro mett. 2Som blom det sprett og visnar burt, ja, lik ein skugge burt det fer. 3Men du med honom auga held, og meg du dreg for domen din. 4Skal tru det av ein urein kjem ein som er rein? Nei, ikkje ein! 5Når dagetalet hans er sett, hans månads-tal sett fast hjå deg, når du for han ei grensa drog som ei han yverskrida kann, 6so snu deg frå, lat han få fred og ha sin dag som leigekaren! 7For treet er det endå von; um det vert det hogge, sprett det att, på renningar det vantar ikkje. 8Når røterne i jordi eldest, og stomnen døyr i turre mold, 9ved dåm av vatnet skyt det knupp, fær som ein stikling grøne greiner. 10Men døyr ein mann, då ligg han der; han andast, og kvar er han då? 11Som vatnet renn ut or ein sjø, som elvi minkar, turkast ut, 12so ligg ein mann, ris ikkje upp; til himmeln kverv, dei vaknar ikkje; ein kann ’kje vekkja deim or svevnen. 13Å, gjev du gøymde meg i helheim, løynde meg, til din vreide gav seg, gav meg ein frest, og so meg hugsa! 14Tru mannen døyr og livnar att? I all min strid eg skulde vona og venta til avløysing kom. 15Eg skulde svara, når du ropa og lengta mot dine eige verk. 16Men no du tel kvart stig eg tek og agtar vel på syndi mi; 17mi synd er læst i pungen inn, og på mi skuld du gøymer vel! 18Som fjellet fell og smuldrast burt, og berget frå sin stad vert flutt, 19Som vatnet holar steinen ut, og flaumen skolar moldi burt, so tek du ifrå mannen voni 20og tyngjer honom ned for alltid. Han fer av stad; med åsyn rengd du sender honom burt frå deg. 21Han veit ’kje um hans born vert heidra; han merkar ikkje um dei armast; 22Hans eigen kropp hans liding valdar, og sjæli græt for eigi sorg.»