1Ja, allting hev mitt auga set og øyra høyrde og forstod; 2alt det de veit, det veit eg og; for dykk eg ei tilbake stend. 3Men eg til Allvalds Gud vil tala, med Gud eg vil til retten ganga; 4Men de vil dekkja til med lygn, er berre ugagnslækjarar. 5Å, gjev de vilde tegja still, so kunde det for visdom gjelda. 6Høyr på den skrapa eg vil gjeva, merk når mi lippa åtak gjer! 7Vil de forsvara Gud med lygn? Vil de hans sak med urett verja? 8Vil de for honom gjera mismun, og spela Guds sakførarar? 9Gjeng det dykk vel, når han dykk prøver? Kann de han narra som eit mennesk’? 10Han skal so visst dykk straffa strengt, um de slik mismunn gjer i løynd. 11Med høgdi si han skræmar dykk, hans rædsla yver dykk skal falla. 12Og dykkar kraft-ord vert til oska, og dykkar prov til blaute leir. 13Teg stilt, lat meg tala ut, so fær det gå meg som det kann! 14Kvi skuld’ eg ta mitt kjøt i tenner? Og halda livet mitt i handi? 15Han drep meg, ei eg ventar anna, mi ferd for han lik’vel eg hævdar. 16Men ogso det skal hjelpa meg; hjå han fær ingen urein møta. 17So høyr då det eg segja vil; lat meg for dykkar øyro tala! 18Eg saki hev til rettes lagt; eg skal få rett, det veit eg visst. 19Kven er det som med meg kann strida? Eg skulde tegja stilt og døy. 20Tvo ting må du spara meg for; då løyner eg meg ikkje for deg: 21Di hand lyt burt frå meg du taka, lat ei di rædsla skræma meg! 22Stemn meg so inn! eg stend til svars; eller eg talar og du svarar. 23Kor mange brot og synder hev eg? Seg meg mi misgjerd og mi synd! 24Kvifor vil du di åsyn løyna og for ein fiend’ halda meg? 25Vil eit burtblåse blad du skræma? Forfylgja du eit visna strå? - 26Når du idømer meg slik straff og let meg erva ungdoms synder 27og legg i stokken mine føter, og vaktar alle mine vegar, slær krins um mine foteblad. 28Og det mot ein som morkna er, lik klædeplagg som mol et upp.