1Då svara Job og sagde: 2«Ja visst, de er dei rette folk, og visdomen døyr ut med dykk. 3Men eg hev vit so vel som de; eg ei til atters stend for dykk; kven kjenner ikkje dette fyrr? 4Til spott for venen min vert eg som bad til Gud og bønhøyrd vart. Til spott vert rettvis mann og ærleg. 5Vanvyrd ulukka! tenkjer trygg mann, vanvyrdnad ventar deim som vinglar. 6Valdsmenn bur roleg i sitt tjeld; trygge er dei som tergar Gud, dei som hev Gud i neven sin. 7Spør bølingen, han skal deg læra, og fugl i luft, han segja skal, 8og tal til jordi, ho skal læra, og fisk i hav, skal melda deg: 9Kven skynar ei på alt i hop, at Herrens hand hev skapa det? 10Kvar livand’ sjæl han hev i handi og åndi åt kvart menneskje. 11Vert ordi ei med øyra prøvde, som du med gomen maten smakar? 12Hjå folk med gråe hår er visdom, og vit hjå deim som liver lenge. 13Hjå honom visdom er og kraft, hjå honom råd og dømekraft. 14Når han riv ned, kven byggjer upp? Når han set fast, kven løyser ut? 15Han stengjer vatnet, turkar det, slepper det, so det jordi øyder. 16Hjå honom kraft og klokskap er; han eig båd’ vegvill og vill-leidar; 17rådsherrar fører han som fangar, og domarar han gjer til dårar. 18Han løyser konge-styring upp, legg reip kring livet på deim sjølve. 19Han fører prestar plundra burt og øyder ut eld’-gamle ætter. 20Han mælet tek frå øvde talar og vitet frå dei gamle menn, 21og yver stormenn skam han øys og løyser beltet på dei sterke. 22Han myrkret driv or holor ut og fører dimma fram i dagen. 23Han aukar folk og tynar deim; han spreider folk og fører deim; 24Han vitet tek frå jordheimsfyrstar og let veglaus heid deim vildra; 25dei sviv i myrkret utan ljos, han let dei raga liksom drukne.