1Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sagde: 2«Skal slik ei svalling ei få svar? Skal slik ein storpratar få rett? 3Skal menner for din ordflaum tegja? Skal du få spotta utan skjemsla? 4Du segjer: «Rein er læra mi, eg skuldfri er i dine augo.» 5Men dersom berre Gud vil tala og opna munnen sin mot deg, 6og syna deg sin løynde visdom, kor han eig vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av syndi. 7Skal tru Guds tankedjup du kjenner? Hev du nått fram til Allvalds grensa? 8Høgar’ enn himmelen - kva gjer du? Djupar’ enn helheimen - kva veit du? 9Lenger enn jordi strekkjer seg og breidare enn havet sjølv. 10Når han skrid fram og legg i lekkjor, stemnar til doms, kven stoggar honom? 11Han kjenner deim som talar lygn; han ser den falske utan leiting. 12Det tome hovud fær forstand, og asenfolen vert til mann. 13Men vil du bu ditt hjarta rett og henderne mot honom breida 14og halda svik frå handa di og urett burte frå ditt tjeld, 15då kann du lyt’laust hovud lyfta, då stend du fast og ræddast ikkje; 16då kann du gløyma all di møda, liksom ei elv som framum rann. 17Klårar’ enn dagen stend ditt liv, og myrkret vert til morgongråe; 18då er du trygg, då hev du von, du ottelaus til kvile gjeng. 19Du ligg, og ingen upp deg skræmer, og mange vil deg gjerne tekkjast. 20Men augo veiknar på dei vonde; dei hev ’kje nokor tilflugt meir, men ventar på å anda ut.»