1So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot ibuarane i Leb-Kamai. 2Og eg sender framande mot Babel, og dei skal dryfta henne og dei skal tøma landet hennar. For dei skal setja på henne frå alle leider på ulukkedagen. 3Lat bogeskyttaren spenna boge mot den som boge spenner og mot den som briskar seg i brynja, og spar ikkje hennar drengjer, bannstøyt all hennar her! 4Då skal daudslegne menner falla i Kaldæarlandet og stungne menner på gatorne. 5For Israel og Juda er ikkje enkjor, gløymde av sin Gud, av Herren, allhers drott, endå landet deira var fullt av skuld mot Israels Heilage. 6Fly ut or Babel, og kvar og ein berge sitt liv so de ikkje tynest ved hennar misgjerning! For dette er ei hemne-tid for Herren; han vil gjeva henne lika for det ho hev gjort. 7Eit gullstaup i Herrens hand var Babel, som gjorde all jordi drukki; av vinen hennar drakk folki, difor vart folki reint rasande. 8Dåtteleg datt Babel og vart krasa. Barma dykk yver henne! Henta balsam for hennar plåga! Kann henda det kunde verta lækt. 9«Me etla å lækja Babel, men ho var ulækjande. Lat oss skilja lag med henne, so me kann fara kvar til sitt land! For domen yver henne rekk upp til himmelen og når radt upp i skyerne. 10Herren hev late vår rettvise sak koma upp i ljoset; kom, lat oss fortelja i Sion Herrens, vår Guds verk!» 11Kvet pilerne blanke, grip skjoldarne! Herren hev vekt upp åndi til kongen i Media; for mot Babel hev han vendt sine tankar til å øydeleggja henne; for det er Herrens hemn, hemnen for templet hans. 12Reis hermerke mot Babel-murarne, haldt sterk vakt, set ut vaktmenner, skipa til umsåtmenner! For Herren hev både tenkt ut og sett i verk det han hev tala mot Babel-buarne. 13Du som bur attmed mykje vatn, rik på skattar, komen er din ende, di låke vinning hev nått sitt mål. 14Herren, allhers drott, hev svore ved seg sjølv: Endå eg hadde fyllt deg med menneskje som engsprettor i mengd, skal det like vel lyftast sigerrop yver deg. 15Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom, spana ut himlarne med sitt vit. 16Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå utkantarne på jordi, let eldingar laga regn og sender vind ut or gøymslorne sine. 17Kvar ein mann stend klumsa og hev ikkje vit på det, kvar ein gullsmed lyt skjemmast av bilæti sine; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, og det er ingi ånd i deim. 18Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim. 19Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt og fenge seg si odelsrætt. Herren, allhers drott, er namnet hans. 20Du var hamaren min, stridsvåpnet, so eg med deg krasa folkeslag og med deg øyda kongerike. 21Og med deg krasa eg hest og ridar, og med deg krasa eg vogn og køyrar. 22Og med deg krasa eg mann og kvinna, og med deg krasa eg gamall og ung, og med deg krasa eg svein og møy. 23Og med deg krasa eg hyrding og hjordi hans, og med deg krasa eg pløgjar og pløgje-uksarne hans, og med deg krasa eg jarlar og landshovdingar. 24Men no gjev eg Babel og alle som bur i Kaldæa lika for alt vondt som dei hev gjort Sion, framfor augo dykkar, segjer Herren. 25Sjå, eg kjem yver deg, du Tynefjell, segjer Herren, du som tyner all jordi; og eg vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrarne og gjera deg til eit forbrent fjell. 26Av deg kann ein då korkje taka hyrnestein eller grunnstein, men til ævelege audner skal du verta, segjer Herren. 27Reis hermerke i landet, blås i lur millom folki, vig folkeslag til strid imot henne, kalla imot det kongeriki Ararat, Minni og Askenaz, set inn herhovdingar imot henne, før fram hestar som bustute engsprettor! 28Vig folkeslag til strid imot henne, kongarne or Media, jarlarne og landshovdingarne der, og alt det land dei råder yver! 29Då dirrar jordi og bivrar, for no vert Herrens tankar mot Babel sette i verk: å gjera Babellandet til ei øydemark, so ingen bur der. 30Kjemporne i Babel hev halde upp med striden, dei sit i ro i borgerne. Deira kraft er kvorvi, kvende er dei vortne. Det er kveikt eld på hennar bustader, hennar bommar er brotne sunder. 31Lauparsvein løyp mot lauparsvein og sendebod mot sendebod, med bod til Babel-kongen at byen hans er teken frå ende til annan, 32at vadi er hersette, vatsdemmorne turrbrende med eld og hermennerne forfærde. 33For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Babels dotter likjest ein treskjevoll når han vert tiltrakka; endå ei liti rid, og skurdonni vil koma for henne. 34«Nebukadressar, Babel-kongen, hev ete oss, hev øydt oss, hev sett oss burt som eit tomt kjerald, hev gløypt oss som ein hav-drake, hev fyllt buken sin med forkunnmaten min, burt hev han drive oss. 35Valdsverki mot meg, ja, mot mitt kjøt, koma yver Babel!» segje Sion-buarne, «og mitt blod yver Kaldæa-folket! segje Jerusalem. 36Difor, so segjer Herren: Sjå, eg fører saki og hemnar meg for deg, og eg let hennar hav turkast upp og hennar kjelda torna. 37Og Babel skal verta til steinrøysar, eit sjakal-bøle, ei skræma og ei hæding; ingen skal bu der. 38Alle burar dei som ungløvor, gnaldrar som løve-kvelpar. 39Når dei då er upp-øste, vil eg gjera eit drykkjelag åt deim og gjera deim drukne, so dei fagnar seg og sovnar i ein æveleg svevn og ikkje vaknar, segjer Herren. 40Eg vil føra deim ned til slagting som lamb, som verar og bukkar. 41Kor er Sesak vorte teke, og «fagnaden for all jordi» herteken! Kor er Babel hev vorte til ei skræma millom folki! 42Havet gjekk yver Babel, ho vart løynt av dei marmande båror. 43Byarne hennar er vorte til ei audn, eit turt land og ei øydemark, eit land som ingen mann bur i, og som inkje mannsbarn fer framum. 44Og eg heimsøkjer Bel i Babel, og tek det han hev gløypt i seg ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til honom. Babel-murarne skal rynja, dei og. 45Far ut derifrå, mitt folk, so dei kann berga kvar sitt liv for Herrens brennande vreide! 46Og ver ikkje hugfalne og rædde for dei tiender som spørst i landet! For det vil koma ei tiend eitt året og ei onnor eit anna år, og urett vil råda på jordi, drott vil risa mot drott. 47Difor, sjå, dei dagar skal koma då eg heimsøkjer gudebilæti hjå Babel, og alt landet hennar skal verta til skammar; og alle skal falla daudslegne hjå henne. 48Då skal himmel og jord fagna seg yver Babel, for nordanfrå skal tynaren koma yver henne, segjer Herren. 49Babel skal og falla, dei slegne menner av Israel, liksom det og for Babel hev falle slegne menner på heile jordi. 50De som slapp undan frå sverdet, far av stad, stana ikkje! Minnest Herren frå burtlengste land, og kom Jerusalem i hug. 51Me vart til skammar, for me laut høyra på svivyrding; skammi breidde seg yver våre andlit, for framande hadde kome seg inn yver heilagdomarne i Herrens hus. 52Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja gudebilæti hennar, og i alt hennar land skal slegne menner stynja. 53Um so Babel vil hevja seg til himmelen, og um ho gjer si høge festning u-klivande, so skal frå meg tynarar koma yver henne, segjer Herren. 54Naudrop er høyrande frå Babel og stort tjon frå Kaldæarlandet. 55For Herren tyner Babel og stoggar det store ståket hjå henne. Og bårorne deira skal dynja som store vatn, si dunande røyst skal dei lata ljoma. 56For ein tynar kjem yver henne, yver Babel, og kjemporne hennar vert fanga, bogarne deira sundbrotne. For Herren er ein Gud som gjev attergjeld, han gjev full løn. 57Og eg gjer deim drukne, hennar hovdingar og vismenner, hennar jarlar og landshovdingar og kjempor, og dei skal sovna av i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans. 58So segjer Herren, allhers drott: Babel-muren, den breide, skal verta nedriven til grunnen, og portarne, dei høge, brende med eld, so folk skal ha mødt seg for inkje og folkeslag for elden, og stræva seg trøytte. 59Den fyresegni som profeten Jeremia gav Seraja, son åt Neria Mahsejason, då han for til Babel med Sidkia, Juda-kongen, i det fjorde året han var konge. Men Seraja var kvartermeister. 60Og Jeremia skreiv i ei bok, all den ulukka som skulde koma yver Babel - alle desse ordi som er skrivne um Babel. 61Og Jeremia sagde med Seraja: «Når du kjem til Babel, då sjå til at du les alle desse ordi!» 62Og du skal segja: «Herre, du hev sjølv tala um denne staden at du vil rydja honom ut, so ingen skal bu der meir, korkje folk eller fe, for til ævelege audner skal han verta.» 63Og når du hev lese upp denne boki til endes, skal du binda ein stein til henne og kasta henne midt ut i Frat 64og segja: «Soleis skal Babel søkka og ikkje koma upp att,» for den ulukka som eg let koma yver byen, og trøytte skal dei verta.» Hit når Jeremia-ordi.