1Det ordet som Herren tala um Babel, um Kaldæarlandet, ved profeten Jeremia. 2Kunngjer det millom folki, og lat det frettast og set upp hermerke! Lat det frettast, dyl det ikkje! Seg: Babel er teki, Bel hev vorte til skammar, Merodak er livskræmd, hennar gudebilæte er vortne til skammar, hennar ufysne avgudar er livskræmde. 3For eit folk kjem imot det nordantil, det gjer hennar land til ei øydemark, so ingen bur i det: både folk og fe er flydde, er burte. 4I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, skal Israels-borni koma, dei og Juda-borni i lag med einannan; gråtande skal dei ganga og søkja Herren, sin Gud. 5Etter Sion skal dei spyrja, den vegen stemner dei: «Kom, lat oss halda oss til Herren med ei ævepakt som ikkje skal gløymast!» 6Burtkomne sauer var mitt folk. Hyrdingarne deira hadde ført deim på villstig, snutt deim upp i fjelli; frå hamar til haug gjekk dei, gløymde legebolet sitt. 7Alle som fann deim, åt på deim, og uvenerne deira sagde: «Me fær ikkje skuld på oss for det,» - for di dei hadde synda mot Herren, bustaden åt rettferdi, og voni åt federne deira, Herren. 8Fly ut or Babel, far burt or Kaldæarlandet, og ver som bukkar framfyre hjordi! 9For sjå, eg vekkjer upp frå Norderlandet ein skare av store folk og let deim fara mot Babel, og dei skal fylkja seg imot henne; derifrå vert ho teki. Pilerne deira er som frå ei viss-høv kjempa, dei vender ikkje attende med ugjort. 10Og Kaldæa skal verta til herfang; alle som ranar henne, skal få sitt nøgje, segjer Herren. 11Gled dykk berre, fagna dykk berre, de som ranar odelen min! Berre hoppa i veret som kviga når ho treskjer, og kneggja som velduge hestar. 12Mor dykkar vert ovleg til skammar, ho som fødde dykk, skal blygjast; sjå, den siste millom folki vert ho, ei øydemark, eit turt land og ei vill heid. 13Ubygd skal ho verta, ei audn all med seg, av di Herren er vreid; alle som fer framum Babel, skal ræddast og spotta yver alle hennar plågor. 14Fylk dykk mot Babel, rundt ikring, alle de bogeskyttarar! Skjot på henne, spar ikkje på pilerne! For mot Herren hev ho synda. 15Set i herrop mot henne, rundt ikring: «Ho laut gjeva seg; falne er hennar pilarar, nedrivne hennar murar.» For det er Herrens hemn. Hemn dykk på henne! Gjer med henne likeins som ho hev gjort! 16Ryd ut or Babel både såmannen og den som brukar sigden i skurdonni! For det herjande sverdet skal kvar og ein snu attende til sitt folk, og kvar og ein fly til sitt land. 17Israel er ein buvill sau; løva hev jaga honom av; Assur-kongen åt fyrst på honom, og no sist hev Nebukadnessar, Babel-kongen, togge hans bein. 18Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg heimsøkjer Babel-kongen og landet hans, likeins som eg heimsøkte Assur-kongen. 19Og eg vil snu Israel attende til hans beitemark, og han skal ganga og beita på Karmel og i Basan; og på Efraimsfjelli og i Gilead skal han få eta sitt nøgje. 20I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, vert det leita etter Israels misgjerning, men ho skal ikkje lenger vera til, og etter Judas synder, men dei skal ikkje finnast; for deim som eg let vera att, gjev eg til. 21Mot Meratajim-landet - far upp mot det og mot deim som bur i Pekod! Øyd deim og bannstøyt deim, når du set etter deim, segjer Herren, og gjer i heilt upp som eg hev bode deg! 22Det er stridsgny i landet og stort tjon. 23Kor er hamaren som slo all jordi sundbroten og sundknasa! Kor er Babel vorti ei skræma millom folki! 24Eg sette snara for deg, og du gjekk deg fast, Babel, og visste ikkje av det. Du vart funni, og gripi med; for du hadde gjeve deg i strid med Herren. 25Herren hev late upp våpnhuset sitt og teke ut sine vreidevåpn; for Herren, Herren, allhers drott, hev eit arbeid å gjera i Kaldæarlandet. 26Kom imot det frå alle leider! Lat upp forrådshusi, kasta det i ein dunge likeins som kornband, og bannstøyt det! Lat ikkje noko verta leivt! 27Tyn alle uksarne, før deim ned til slagting! Usæla yver deim! for dagen deira er komen, den tid dei skal verta heimsøkte. 28Høyr omen av deim som flyr og kjem seg undan frå Babellandet til å forkynna i Sion at Herren, vår Gud hemner, hemner for templet sitt! 29Bjod skyttarar ut mot Babel, alle deim som boge kann spenna! Slå læger rundt ikring henne, lat ingen koma seg undan! Lat henne få lika for sine gjerningar, gjer med henne heiltupp som ho sjølv hev gjort! For ho hev ovmoda seg mot Herren, mot Israels Heilage. 30Difor skal hennar drengjer falla på hennar gator og alle hennar hermenner verta tynte den dagen, segjer Herren. 31Sjå, eg kjem yver deg, Ovmod, segjer Herren, Herren, allhers drott; for dagen din er komen, tidi då eg vil heimsøkja deg. 32Og Ovmodet skal snåva og falla, og ingen skal reisa det upp att. Og eg vil kveikja eld på byarne, og han skal øyda alt kringum det. 33So segjer Herren, allhers drott: Trælka er Israels-sønerne og Juda-sønerne i lag med kvarandre; og alle som hertok deim, held deim faste, vil ikkje sleppa deim lause. 34Utløysaren deira er sterk, Herren, allhers drott, er namnet hans. Han skal føra saki deira med fynd so han roar jordi, men uroar Babel-buarne. 35Sverd yver Kaldæa, segjer Herren, yver Babel-buarne og yver hennar hovdingar og vismenner! 36Sverd yver pjåtre-kallarne, so dei stend der som dårar! Sverd yver hennar kjempor, so dei vert hugbrotne! 37Sverd yver hennar hestar og vogner og yver alt blandingsfolket hjå henne, so dei vert kvende! Sverd yver hennar skattar so dei vert rana! 38Turk yver hennar vatn so dei turkast upp! For det er eit land med avgudsbilæte, og dei ber seg som galne med dei skræmelege gudarne sine. 39Difor skal røysekatter med sjakaler halda til der, og strutsar skal hava sitt tilhelde der. Og der skal aldri meir verta bygt, men audt frå ætt til ætt. 40Likeins som då Gud lagde i øyde Sodoma og Gomorra med grannebyar, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og ikkje noko mannsbarn halda til der. 41Sjå, eit folk kjem nordanfrå, eit stort folk og velduge kongar ris upp frå utkantarne på jordi. 42Boge og spjot ber dei, meinharde er dei og miskunnlause; dunen av deim er som havmarm, og på hestar rid dei, budde som ein mann til bardage mot deg, Babels dotter. 43Babel-kongen hev fenge fretnad av deim, og hans hender er magtstolne; angest hev gripe honom, rider liksom kvinna med fødeflagor. 44Sjå det kjem ein upp stigande, som løva ut or tjukkskogen attmed Jordan, og inn på den sigrøne eng; for i ein augneblink vil eg jaga deim burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver henne. For kven er min like, og kven vil stemna meg? Og kven er den hyrdingen som stend seg for meg? 45Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Babel, og dei tankarne han hev tenkt um Kaldæarlandet: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, beitemarki deira skal taka fæla av deim. 46Av ropet: «Babel er teki!» bivrar jordi, og millom folki skrik dei ende yver seg.