1So hende det i den sjuande månaden, at Ismael, son åt Netanja Elisamason, av kongsætti, ein av kongens stormenner, og ti mann med honom, kom til Gedalja Ahikamsson i Mispa, og dei fekk seg mat saman der i Mispa. 2Då stod Ismael Netanjason upp, og dei ti mann som var med honom, og dei slo Gedalja, son åt Ahikam Safansson, i hel med sverd, og drap honom som Babel-kongen hadde sett yver landet. 3Ismael slo og i hel alle dei jødarne som var med Gedalja i Mispa, og dei kaldæarane, stridsmennerne som var der. 4Men andre dagen etter han hadde drepe Gedalja, fyrr nokon visste det, 5kom det menner frå Sikem, frå Silo og Samaria, åtteti i alt, med avraka skjegg og sundrivne klæde og med merke rispa i holdet, og dei hadde med seg grjonoffer og røykjelse til å bera fram i Herrens hus. 6Og Ismael Netanjason gjekk ut imot deim frå Mispa, gråtande alt med han gjekk. Og då han møtte deim, sagde han med deim: «Kom til Gedalja Ahikamsson!» 7Men då dei var komne midt inn i byen, tok Ismael Netanjason og dei mennerne som var med honom og drap deim og kasta deim i brunnen. 8Men millom deim var det ti menner som sagde med Ismael: «Drep oss ikkje! for me hev forråd gøymde ute på marki: kveite og bygg og olje og honning.» Då let han deim vera og drap deim ikkje med brørne deira. 9Og brunnen som Ismael kasta liki i av alle dei menner som han hadde drepe umfram Gedalja, var den som kong Asa hadde gjort til vern mot Baesa, Israels-kongen; den fyllte Ismael Netanjason med drepne menner. 10Og Ismael førde burt all leivningen av folket i Mispa: Kongsdøtterne og alt folket som var att i Mispa, som Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde sett Gedalja Ahikamsson yver - deim førde Ismael Netanjason burt fangar og gjekk av stad og vilde fara yver til Ammons-sønerne. 11Men då Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, frette alle dei illverki som Ismael Netanjason hadde gjort, 12tok dei alle mennerne og gjekk av stad og vilde strida mot Ismael Netanjason. Og dei fann honom attmed det store vatnet som er i Gibeon. 13Men då alt folket som var med Ismael, såg Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, gleddest dei. 14Dei snudde då, alt folket som Ismael hadde ført fangar frå Mispa, og gjekk tilbake til Johanan Kareahsson. 15Men Ismael Netanjason slapp undan frå Johanan med åtte mann og for til Ammons-sønerne. 16Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, tok med seg alle som var att av folket, deim or Mispa som han hadde vunne att frå Ismael Netanjason, etter han hadde drepe Gedalja Ahikamsson: stridsmenner og kvende og born og hirdmenner, som han hadde ført tilbake frå Gibeon. 17Dei for då av stad, men stana i Kimham-herbyrget, som er attmed Betlehem, og vilde halda fram med ferdi til Egyptarland 18- for kaldæarane skuld, for dei ottast deim av di Ismael Netanjason hadde drepe Gedalja Ahikamsson, som Babel-kongen hadde sett yver landet.