1Det ordet som kom til Jeremia frå Herren i Jojakim Josiasons, Juda-kongens, dagar; han sagde: 2Gakk til Rekabs-ætti og tala til deim og kom med deim til Herrens hus, inn i ein av kovarne, og gjev deim vin å drikka! 3Då tok eg Ja’azanja, son åt Jeremia Habassinjason, og brørne hans og alle sønerne hans og all Rekabs-ætti 4og hadde deim med til Herrens hus, inn i koven åt sønerne til gudsmannen Hanan Jigdaljason, den som låg jamsides med hovdingkoven, uppe yver koven åt dørstokkvaktaren Ma’aseja Sallumsson. 5Og eg sette fram for sønerne til Rekabs-ætti skåler, fulle av vin, og staup. So sagde eg med deim: «Drikk vin!» 6Men dei sagde: «Me drikk ikkje vin, for Jonadab Rekabsson, ættfaren vår, hev bode oss og sagt: «De skal ikkje i all æva drikka vin, korkje de eller borni dykkar. 7De skal ikkje heller byggja hus og ikkje så sæde og ikkje planta vinhage eller eiga noko slikt, men i tjeldbuder skal de bu alle dykkar dagar, so de må liva lenge i det landet der de bur som utlendingar.» 8Og me lydde påbodet frå vår ættfar, Jonadab Rekabsson, i alt det han bad oss um, so me aldri drikk vin, korkje me sjølve, konorne våre, sønerne våre eller døtterne våre, 9og byggjer oss ikkje hus til å bu i og hev oss ikkje vinhagar eller åkrar eller utsæde, 10men me hev butt i tjeldbuder, so me hev lydt og gjort alt det som vår ættfar, Jonadab, baud oss um. 11Men då Nebukadressar, Babel-kongen, kom farande upp i landet, då sagde me: «Kom, lat oss fara til Jerusalem undan kaldæarheren og undan syrarheren!» So sette me då bu i Jerusalem.» 12Då kom Herrens ord til Jeremia; han sagde: 13So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Gakk og seg til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: Vil de ikkje taka age so de lyder mine ord? segjer Herren. 14Ordi hans Jonadab Rekabsson er haldne, han baud sønerne sine at dei ikkje skulde drikka vin, og dei hev ikkje drukke vin alt til denne dag, men lydt påbodet frå ættfar sin. Og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de hev ikkje lydt meg. 15Og jamt og samt hev eg sendt til dykk alle mine tenarar, profetarne, og sagt: «Vend um, kvar frå sin vonde veg, og lat verki dykkar betrast, og ferdast ikkje etter andre gudar til å tena deim! då skal de få bu i dette landet som eg hev gjeve dykk og federne dykkar.» Men de lagde ikkje øyra til og lydde ikkje på meg. 16Ja, Jonadab Rekabssons born hev halde det bodet som ættfaren deira gav deim, men dette folket hev ikkje lydt meg. 17Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg let koma yver Juda og yver alle som bur i Jerusalem, all den ulukka som eg hev truga dei med, av di at dei ikkje høyrde når eg tala til deim, og ikkje svara når eg kalla på deim. 18Men til Rekabs-ætti sagde Jeremia: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Av di at de hev lydt påbodet frå Jonadab, ættfaren dykkar, og halde alle bodi hans og gjort stødt som han baud dykk, 19difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Jonadab Rekabssons skal aldri vanta ein mann som kann standa framfor mi åsyn.