1So sagde Herren med meg: Gakk og kjøp deg eit linbelte, og spenn det um lenderne dine, men lat det ikkje koma i vatn! 2Og eg kjøpte beltet etter Herrens ord og spente det um lenderne mine. 3Då kom Herrens ord til meg andre gongen; han sagde: 4Tak beltet som du kjøpte, som er um lenderne dine, og statt upp og gakk til Eufrat, og gøym det der i ei bergriva! 5Og eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, so som Herren hadde bode meg. 6So hende det mange dager etterpå, at Herren sagde med meg: Statt upp og gakk til Eufrat, og tak derifrå det beltet som eg baud deg å gøyma der! 7Og eg gjekk til Eufrat, og eg grov og tok beltet frå den staden der som eg hadde gøymt det. Og sjå, beltet var øydelagt, det var inkje gagn i det meir. 8Då kom Herrens ord til meg; han sagde: 9So segjer Herren: Soleis vil eg gjera ende på det store ovmodet i Juda og Jerusalem. 10Denne vonde lyden, som ikkje vil høyra mine ord, som ferdast etter sitt harde hjarta og fer etter andre gudar, og tener deim og tilbed deim, han skal verta som dette beltet, som det ikkje er gagn i meir. 11For likeins som beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg alt Israels hus og alt Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd, til fagnad og pryda; men dei høyrde ikkje. 12Og du skal segja med deim dette ordet: So segjer Herren, Israels Gud: Kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på. Då skal dei segja med deg: «Veit me ikkje det då, at kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på?» 13Seg då med deim: So segjer Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, og kongarne som sit på Davids kongsstol, og prestarne og profetarne og alle som bur i Jerusalem, so dei vert drukne. 14Og eg vil krasa deim, kvar mot annan, både federne og borni, alle saman, segjer Herren. Eg vil ikkje spara og ikkje miskunna, og ikkje tykkja synd i deim, men tyna deim. 15Høyr og gjev gaum! Ver ikkje ovmodige! for Herren talar. 16Gjev Herren, dykkar Gud, æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føterne dykkar støyter seg på dei dimme heidar! De stundar på ljos, men han skal gjera det til daudeskugge, og lata det verta stumende myrkt. 17Men vil de ikkje høyra på det, då lyt mi sjæl syrgja i løynd yver slikt eit ovmod, og mitt auga må gråta so tårorne trillar, av di Herrens hjord vert burtførd. 18Seg med kongen og til kongsmori: Set dykk lågt ned! for den prydelege kruna er falli av dykkar hovud. 19Byarne i Sudlandet er stengde, og ingen opnar deim. Alt Juda er ført burt i utlægd, ført burt til siste mannen. 20Lat upp augo dykkar og sjå kor dei kjem nordanfrå! Kvar er no hjordi som du hadde fenge, dei væne sauerne dine? 21Kva vil du segja, når han set til hovdingar yver deg deim som du sjølv hev vant på deg og havt til vener? Skulde du ikkje få flagor, som ei kvinna fær føderider? 22Og um du då segjer i ditt hjarta: «Kvi lyt eg taka imot dette?» - for di store misgjerning er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald. 23Kann ein blåmann skifta si hud eller ein pantar sine flekkjer? Då skulde de og kunna gjera det gode, de som hev vanst til å gjera vondt. 24So vil eg då spreida deim liksom halm som fyk for vind utor øydemarki. 25Dette er luten din, den deilen eg hev etla åt deg, segjer Herren, av di du hev gløymt meg og lit på lygn. 26So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlit, so di skam vert synberr. 27Hordomen din og kneggjingi di, den skamlause ulivnaden din uppå haugar på marki, all skjemdarferdi di hev eg set. Usæle Jerusalem! Kor lenge kjem det ikkje endå til å vara fyrr du vert rein!