1Høyr det ord som Herren talar til dykk, Israels hus! 2So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningfolki, og ræddast ikkje himmelteikni, endå um heidningarne ræddast deim. 3For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd; for dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi, 4med sylv og med gull pryder han det, med naglar og hamar fester han det, so det ikkje skal stupa. 5Dei er som ei svarva trelurk, og kann ikkje tala. Ein lyt bera deim, for dei kann ikkje ganga. Ikkje ottast deim! for dei kann ikkje skada, og å ganga hev dei heller ikkje magt til. 6Ingen er din like, Herre! Du er stor, og namnet ditt er stort i velde. 7Kven skulde ikkje ottast deg, du folkekonge! For det sømer deg, for millom alle vise hjå folki og i heile deira rike er ingen din like. 8For alle saman er uvituge og vitlause; ei fåfengleg læra! Tre er det, 9sylvplator, førde frå Tarsis, gull frå Ufaz, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender. Klædnaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle. 10Men Herren er Gud i sanning; han er ein livande Gud og ein æveleg konge. For hans vreide bivrar jordi, og folkeslagi herder ikkje å standa for hans harm. 11So skal de segja med deim: Dei gudar som ikkje hev gjort himmel og jord, dei skal kverva burt frå jordi og under himmelen. 12Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit. 13Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå enden av jordi, let eldingar laga regn, og sender vind ut or gøymslorne sine. 14Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt bilæte; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, det er ingi ånd i deim. 15Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim. 16Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt, og Israel er hans odelsætt. Herren, allhers drott, er namnet hans. 17Sanka godset ditt utor landet, du lyd som sit umlægra! 18For so segjer Herren: Sjå, eg vil slengja burt deim som bur i landet denne gongen, og trengja deim so dei skal få kjenna det. 19Eie meg, kor sundbroten eg er! Ulækjande er mitt sår. Men eg segjer: «Dette er då ei liding som eg lyt bera.» 20Tjeldet mitt er øydelagt, og alle tjeldtogi mine er avslitne. Borni mine er frå meg farne og er ikkje lenger til, ingen er til som heretter kann reisa tjeldet mitt og festa upp tjelddukarne mine. 21For hyrdingarne var uvituge og søkte ikkje Herren. Difor for dei ikkje viseleg åt, og all hjordi deira vart spreidd. 22Høyr, ein ljom! sjå, det kjem, og ein stor dyn frå Norderlandet - for å gjera Juda-byarne til ei audn, til sjakal-bøle. 23Eg veit, Herre, at menneskja ikkje sjølv råder for sin veg, og at gangande mann ikkje hev magt til å styra sine stig. 24Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg reint til inkjes. 25Renn harmen din ut yver heidningfolki som ikkje kjenner deg, og yver ætter som ikkje påkallar namnet ditt! For dei hev ete på Jakob, ja, ete honom upp og gjort ende på honom, og bustaden hans hev dei lagt i øyde.