1Den gongen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvædet: 2«For fyrstarn’ fyrst i striden gjekk, og folket viljugt møtte fram, pris Herren, Israel! 3Høyr kongar! Hovdingar, gjev gaum! For Herren eg eit kvæde kved. For Herren, Gud åt Israel, ein song eg syngja vil. 4Då, Herre, du frå Se’ir for, frå Edomsflyerne skreid fram. Då ristest jordi, himlen draup, regnet or skyi raut. 5For Herrens åsyn fjelli skalv - sjå Sinaifjellet der, det skalv for han, Israels Gud. 6I Samgars, Anats-sonens old. Og Jaels, vegarn’ aude var, og ferdamennern’ fara laut på krokut fjellstig fram. 7Ein førar fattast Israel, ein førar, alt til du steig fram, til du steig fram, Debora, som ei mor i Israel. 8Gud valde nye styrarar; då stod det strid i portarne: Ein såg ’kje skjold og ikkje spjot hjå fyrti tusund hermenn i heile Israel. 9Hjå hovdingarn’ i Israel er hugen min, hjå Herren som friviljug møtte fram til strid! Lov Herren, Israel! 10De som på gulblakk gangar rid, på høgjende i stova sit, og etter jamne vegen gjeng, røyst i, og syng ein song! 11Syng høgt som bogeskyttararn’ når dei ved brunnen sit og kved! Der prisar dei Guds vise verk, kor vist han førde Israel. Den gongen Herrens eige folk til portarne for ned. 12Vakn upp, vakn upp, Debora, vakn upp, eit kvæde kved! Statt upp, Barak, før fangarn’ burt, son åt Abinoam! 13Då for ein hop til fyrstarn’ ned Med kjemporn’ Herrens folk steig ned: 14Av deg, Efraim, dei som fyrst rot feste på Amaleksfjell. Og etter deg kom Benjamins flokk med folki dine fylgje heldt; av Makir styresmenn steig ned, og ifrå Sebulon dei som gjeng fram med førarstav i hand; 15dei fyrstar av Issakar i fylgje med Debora kom, og Barak - i hans fotfar flaug dei i dalen ned. Ved Rubensbekkjerne dei tok i tankar so raust ei råd. 16Kvi vart du sitjande i ro på kvii di og lydde på med hjuringarn’ i fløyta let? - Ved Rubensbekkjerne dei la i tankarn’ lenge råd. 17Gilead, burtum Jordanå gjev han seg roleg til, og Dan kvi drygjer han der skutorn’ ligg? Ved sjøsidi sit Asser still, i hamni held han seg. 18Men Sebulon, det er ein lyd som lite vyrder livet sitt, og like eins Naftali, han som på høge heider bur. 19Då kom kongarn’ og stridde, kananitarkongarn’ stridde i Tana’ak, ved Megiddovatnet; sylv vann dei visst ikkje. 20Ned frå himlen stjernorn’ stridde frå dei høge skeidi sine imot Sisera dei stridde. 21Kisonåi burt deim førde. Åi fræg frå forne dagar - Kisonåi! Stig fram, mi ånd, med styrk! 22Hardt slo hestehovarn’ i marki, med kjemporne køyrde, køyrde av stad i strjukande tan. 23«Bann Meroz,» Herrens engel sa, «bann deim som bur der, bann deim burt! Dei kom ’kje Herrens her til hjelp. Dei hjelpte ikkje kjemporn’ hans.» 24Velsigna ver i kvendeflokk Jael, Hebers, kenitens, viv! Framum kvar kvinna som i buder bur, velsigna vere ho! 25Vatn bad han um, mjølk gav ho han; i briki skål baud ho han skyr. 26Med vinstre hand ho naglen triv, med høgre smidjehamaren; i hausen Sisera ho slog, og hamra hovudet hans sund, tunnvangen hans slo ho i knas, og naglen tvert igjenom dreiv. 27For føtern’ hennar seig han ned, fram stupt’ han, og på jordi låg; for føtern’ hennar seig han ned; der han seig ned der låg han - daud. 28Gjenom vindauga ser ho, Siseras mor, gjenom glaset glor ho, og kvin: «Kva ventar vogni hans etter? Kvi tøvrar tråvaran’ hans?» 29Svarar dei klokaste fruorne hennar, og sjølv og gjev ho seg svar: 30«Visst finn dei herfang, og skifter: Ei møy, tvo møyar til manns, farga klæde åt Sisera, farga klæde og krota; ein farga kjol, tvo krota tjeld for kvar ei herteki kvinna.» 31Gjev, Herre, at uvenern’ dine må alle so ganga til grunnar, og dei deg elskar må vera som soli stig upp i sitt velde.» Sidan hadde landet fred i fyrti år.