1Kva kjem all ufred og strid av millom dykk? Er det ikkje av dykkar lyster, som strider i lemerne dykkar? 2De lystar og hev ikkje; de slær i hel og ovundast og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed; 3de bed og fær ikkje, av di de bed ille, um slikt som de kann øyda upp i dykkar lyster. 4De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap imot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende. 5Eller trur de at skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter Anden som han hev late bu i oss. Men di større er den nåde som han gjev. 6Difor heiter det: «Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.» 7Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk! 8Haldt dykk nær til Gud, so skal han halda seg nær til dykk! Reinsa henderne, de syndarar, og gjer hjarto reine, de tvihuga! 9Kjenn dykkar naud og syrg og gråt! Lat låtten dykkar vendast til sorg, og gleda til trege. 10Audmyk dykk for Herren, so skal han upphøgja dykk! 11Baktala ikkje kvarandre, brør! Den som baktalar ein bror eller dømer bror sin, han baktalar lovi og dømer lovi; men dømer du lovi, so er du ikkje ein som gjer etter lovi, men hennar domar. 12Ein er lovgjevaren og domaren, han som er megtig til å frelsa og til å tyna. Men du, kven er du som dømer din næste? 13Og no, de som segjer: «I dag eller i morgon vil me fara til den byen og vera der eit år og handla og hava vinning,» 14de som ikkje veit kva som skal henda i morgon! For kva er livet dykkar? De er ein eim som ei liti stund er synleg og so kverv burt. 15I staden for at de skulde segja: «Um Herren vil, so kjem me til å liva, og so skal me gjera det eller det!» 16Men no rosar de dykk sjølve i dykkar storlæte. All slik ros er vond. 17Den som då veit å gjera godt, men ikkje gjer det, han hev synd for det.