1Mine brør, ikkje mange av dykk verte lærarar! etter di de veit at me skal få dess tyngre dom. 2For alle snåvar me i mangt. Den som ikkje snåvar i tale, han er ein fullkomen mann, som er før til å tøyma heile likamen. 3Når me legg beisl i munnen på hestarne, so dei skal lystra oss, so styrer me og heile likamen deira. 4Sjå og skipi: endå dei er so store og vert drivne av sterk vind, so vert dei då med ein liten ror styrde dit som styremannen vil hava deim. 5So er og tunga ein liten lem, og talar då store ord. Sjå ein liten eld: kor stor ein skog han set i brand! 6Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemerne våre; ho smittar heile likamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge frå helvite. 7For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege natur; 8men tunga kann inkje menneskje temja; ho er ein ustyrleg vond ting, full av døyande eiter. 9Med henne velsignar me Herren og Faderen, og med henne bannar me menneski som er skapte etter Guds bilæte. 10Or same munnen kjem det velsigning og banning. Dette må ikkje vera so, mine brør! 11Kann då kjelda gjeva søtt og beiskt vatn ut or same uppkoma? 12Mine brør, kann då eit fiketre bera oljebær, eller eit vintre fikor? So kann ikkje heller ei salt kjelde gjeva søtt vatn. 13Kven er vis og vitug imillom dykk? Han må ved god ferd syna sine gjerningar i visdoms spaklynde. 14Men hev de beisk ovund og stridssykja i hjarto dykkar, so rosa dykk ikkje og ljug ikkje imot sanningi! 15Den visdomen kjem ikkje ovantil, men er jordisk, sanseleg, djevelsk. 16For der det er ovund og stridssykja, der er ugreida og alt det som vondt er. 17Men visdomen ovantil, han er fyrst og fremst rein, og dinæst fredsam, rimeleg, ettergjevande, full av miskunn og gode frukter, fri for tvil og fri for skrymt. 18Men rettferds frukt vert sådd i fred for deim som held fred.