1Og det bar til i dei dagarne då Ahaz, son åt Jotam, soneson åt Uzzia, var konge i Juda, at den syriske kongen, Resin, og Israels-kongen Pekah, son åt Remalja, drog upp mot Jerusalem og vilde hertaka byen, men dei greide det ikkje. 2Og då det vart meldt til Davids hus at syrarane hadde lægra seg i Efraim, so skalv hjarta hans og hjarta åt folket hans, liksom tre i skogen skjelv i vinden. 3Men Herren sagde til Jesaja: «Gakk ut med son din Sjear-Jasjub og møt Ahaz ved enden av vatsleidingi i den øvre dammen, på vegen til Bleikjevollen, 4og seg til honom: Tak deg vel i vare og haldt deg i ro! Ottast ikkje og ver ikkje hugfallen for desse tvo rjukande brandarne, for blodsinnet åt Resin og Syria og Remaljasonen! 5Etter di Syria med Efraim og Remaljasonen hev lagt upp vonde råder mot deg og sagt: 6«Me vil fara upp imot Juda og skjota det støkk i bringa og hertaka det og setja inn ein konge der, Tab’al-sonen,» 7difor segjer Herren, Herren: Det skal ikkje lukkast, det skal ikkje henda. 8For hovudet åt Syria er Damaskus, og hovudet åt Damaskus er Resin, og um fem og seksti år skal Efraim vera lagt i øyde, so det ikkje meir er eit folk. 9Og Efraims hovud er Samaria, og hovudet åt Samaria er Remaljasonen. Vil de ikkje tru, skal de ikkje trygt få bu.» 10Og Herren heldt ved og tala til Ahaz og sagde: 11«Krev deg eit teikn av Herren, din Gud, anten nedan or helheimsdjupet, eller ovan ifrå høgdi!» 12Men Ahaz svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje freista Herren.» 13Då sagde han: «So høyr då, du Davids hus: Er det dykk ikkje nok, at de set tolmodet åt menneskje på prøva? Vil de og prøva Guds tolmod? 14So skal då Herren sjølv gjeva dykk eit teikn: Sjå, møyi vert med barn og føder ein son, og ho gjev honom namnet Immanuel. 15Sur mjølk og honning skal vera maten hans ved det leitet då han skynar å vanda det vonde og velja det gode. 16For innan sveinen hev skyn på å vanda det vonde og velja det gode, so skal det verta audt for folk i landi åt dei tvo kongarne som no fær deg til å fæla. 17Og yver deg og yver folket ditt og yver farshuset ditt skal Herren lata dagar koma som det ikkje hev vore maken til alt ifrå den tid då Efraim skilde seg frå Juda: assyrarkongen. 18For på den tidi skal Herren blistra på fluga langt burte ved elvarne i Egyptarland og på bia i Assyrialandet; 19og dei skal koma og slå seg ned alle saman i dei aude dalarne og bergklufterne, i alle klungerrunnar og ved alle brynne-stader. 20På den dagen skal Herren med ein rakekniv, som er tinga på hi sida av elvi, med assyrarkongen, raka av alt hår både ovantil og nedantil, jamvel skjegget vert avskrapa. 21På den tidi skal ein mann føda ei kviga og tvo sauer. 22Men han skal få so mykje mjølk, at han kann leva av surmjølk; ja, alle som finst att i landet, skal liva av sur mjølk og honning. 23Og det skal verta soleis på den tidi, at der det no stend tusund vintre som er tusund sylvdalar verde, der skal det berre veksa torn og tistel. 24Med piler og bogar skal ein ganga dit; for alt landet ber torn og tistel. 25Og alle dei berg der dei no onnar med hakka, skal ingen meir setja sin fot på av otte for torn og tistel; dei skal verta hamnegangar åt uksar, og utmark som vert nedtrakka av sauer.»