1Gjev du reiv himmelen sund og steig ned, so fjelli skalv for di åsyn, som elden fatar i risved, elden set vatnet i kok, - til å kunngjera namnet ditt for dine motmenn, so folki laut skjelva for di åsyn, 2når du gjorde skræmeverk, som me ikkje venta - å, steig du ned, so fjelli skalv for di åsyn! 3Aldri hev nokon spurt eller høyrt, aldri hev auga set nokon annan gud enn du gjera soleis med deim som ventar på honom. 4Du kjem imot dei som gjer rettferd med gleda, dei som kjem deg i hug på vegarne dine. Sjå, du vart harm, og me synda; so var det med oss frå gamalt, kann me verta frelste? 5Me vart alle i hop som ein urein, og all vår rettferd som eit tilsulka plagg, som lauvet visna me alle saman, og våre skuld bles oss burt som vinden. 6Det var ingen som kallar på namnet ditt, som manna seg upp til å gripa deg; for du hadde løynt di åsyn for oss og late oss skjelva under vår skuld. 7Men no, Herre, er du vår fader; me er leiret og du vår formar, eit verk av di hand er me alle. 8Herre, ver ikkje so ovleg harm, og tenk ikkje ævleg på skuldi. Sjå no på me alle er ditt folk! 9Dine heilage byar vart øydemark, Sion vart til ei øydemark, Jerusalem til ei audn. 10Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre deg lova, hev vorte uppbrent med eld, og all vår hugnad hev vorte grushaugar. 11Kann du halda deg att med alt dette, Herre? Vil du tegja og trykkja oss so tungt? 12