1Herrens, Herrens ande er yver meg, for Herren hev salva meg til å bera fagnadbod til dei smålåtne, han hev sendt meg til å binda um dei hugbrotne, til å ropa ut fridom for fangar, og for dei bundne utløysing, 2ropa ut eit nåde-år for Herren og ein hemnedag frå vår Gud, til å trøysta alle dei syrgjande, 3til å gjeva dei syrgjande i Sion høgtidskruna for syrgjebunad, gledeolje i staden for sorg, lovsongs-klæde for vanmoda ånd, og dei skal heita rettferds eiker, Herrens plantning til herleggjering. 4Dei skal byggja upp att gamle grushaugar, reisa upp att ruinar frå federne, nya upp att nedbrotne byar, øydegarder frå ætt til ætt. 5Framande skal gjæta smalen dykkar, utlendingar dyrka åt dykk både åker og vingard. 6Men de skal heita Guds prestar, tenarar åt vår Gud skal dei kalla dykk; folke-eiga skal de njota, og deira herlegdom skal de få. 7For dykkar skam fær de dobbelt att, dei som leid skjemsla, skal prisa sin lut. Difor fær dei dobbel lut i sitt land, æveleg gleda skal dei få. 8For eg, Herren, elskar retten, eg hatar urett ran, og trufast gjev eg deim løni deira og gjer med deim ei æveleg pakt. 9Namngjeti vert deira ætt millom folki og avkjømet deira bland tjoderne; alle som ser deim, skal kjenna deim, at dei er ei ætt som Herren hev signa. 10Eg gled meg storleg i Herren, sjæli mi fegnast i min Gud. For han hev klædt meg i frelse-klæde, sveipt meg i rettferds-kåpa, som ein brudgom seg pryder med prestehuva og ei brur tek på seg sin prydnad. 11For som jordi sin grode let renna, og hagen sitt sæde let veksa, so let Herren, Herren rettferd renna og lovsong for alle folks åsyn.