1Sjå, Herrens hand er ikkje so stutt, at han ikkje kann frelsa, og øyra hans er ikkje so tunghøyrt, at det ikkje kann høyra. 2Men skuldi dykkar er det som skil millom dykk og dykkar Gud, og synderne dykkar hev dult hans åsyn for dykk, so han ikkje høyrer. 3For henderne dykkar er sulka med blod, og fingrarne dykkar med misgjerd; lipporne dykkar talar lygn, tunga mullar på vondt. 4Ingen ropar til doms for rettferd, ingen hev ærleg rettargang. Dei lit på fåfengd og talar fals, umhender med ulukka føder dei tjon. 5Orme-egg klekkjer dei ut, og kongurvev vev dei; den som et deira egg, lyt døy, og krasar du eit, kjem det fram ein orm. 6Deira vevnad vert aldri til klæde, ein kann ikkje hylja seg i deira verk; deira verk er vondskaps verk, og valdsverk er i deira hender. 7Deira føter er snare til vondt og snøgge til å renna ut skuldlaust blod, deira tankar er vondskaps tankar, det er vald og uferd kvar dei fer. 8Fredsveg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor. Dei fer på krokute stigar, kvar som fer soleis, veit ikkje av fred. 9Difor er retten langt burte frå oss, og rettferd vil ikkje koma til oss; me ventar på ljos, og so finn me myrker - på solskin, men ferdast i skugge. 10Me trivlar som blinde langs vegen, me trivlar som folk utan augo; midt på dagen me snåvar som i skumingi, millom friske er me som døyande. 11Me gryler alle som bjørnar, og som duvor me sukkar; me ventar på retten, men ikkje han kjem, på frelsa, men ho er langt burte frå oss. 12For synderne våre mot deg er mange, og våre misgjerningar vitnar imot oss; ja, synderne våre hev me i minne, og våre misgjerningar veit me um: 13Me hev falle ifrå og neitta Herren, me hev gjenge burt frå vår Gud; me hev tala um trælking og fråfall, hev teke upp og sagt ut or hjarta ljugarord. 14Retten vert undantrengd, og rettferdi stend langt burte; for sanning hev snåva på tinget, og det rette vinn ikkje fram, 15og sanningi vart burte, den som held seg frå vondt, vert plundra. Og Herren såg det og harmast for det ikkje fanst nokon rett. 16Han såg at det ingen fanst, og han undrast at ingen greip inn. Då hjelpte honom hans arm, og hans rettferd var honom til studnad. 17Han tok rettferd på seg til brynja og frelse-hjelm på sitt hovud, hemn-klæde tok han til klædnad, sveipte um seg brennhug til kåpa. 18Han gjev deim att etter gjerningar, harm yver sine motmenner, attergjeld for sine fiendar, ja, øylandi skal få det att. 19Og i vesterland skal dei ottast Herrens namn og i austerland hans herlegdom, for han kjem som ein innestengd foss som Herrens storm driv fram. 20Og han kjem som utløysar for Sion, og for deim som snur seg frå synd i Jakob, so er Herrens ord. 21Og dette er den pakt som eg på mi sida gjer med deim, segjer Herren: Min ande som er yver deg, og mine ord som eg hev lagt deg i munnen, dei skal ikkje vika frå din munn, og ikkje frå munnen åt borni dine, og ikkje heller frå munnen åt barneborni dine, segjer Herren, frå no og i all æva.