1Fagna deg, du barnlause, du som ikkje fødde! Set i med fagnadrop og jubla, du som ei hadde rider! For den einslege hev fleire born enn den gifte kona, segjer Herren. 2Vida ut tjeldromet ditt, lat deim spana ut tjeldet du bur i, hindra det ikkje! Tøyg tjeldsnorerne dine, og slå pålarne fast! 3For du skal breida deg til høgre og vinstre, og di ætt skal taka heidningfolk til eiga og folka upp att øydelagde byar. 4Ottast ikkje, for du skal ikkje turva skjemmast, ver ikkje skamfull, for du skal ikkje turva raudna. Nei, skammi frå ungdomen skal du gløyma, og spotti frå enkjestandet skal du ’kje minnast meir. 5For mannen din er skaparen din, Allhers-Herren er namnet hans, og Israels Heilage er din utløysar. Han heitar Gud for all jordi. 6Då du var ei burtstøytt kvinna med hjartesorg, kalla Herren deg. Kor kann ein forsmå sitt ungdomsviv? Segjer din Gud. 7Ei liti stund gjekk eg frå deg, men i miskunn stor vil eg samla deg. 8I ei harmflaga løynde eg mi åsyn for deg ei stund, men med æveleg nåde miskunnar eg deg, segjer Herren, utløysaren din. 9For som Noah-flaumen er dette for meg. Som eg svor at Noah-flaumen ikkje meir skal koma yver jordi, so hev eg svore at eg ikkje meir vil harmast på deg eller skjenna på deg. 10Ja, um fjelli vik og haugarne svigtar, so skal ikkje nåden min vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje svigta, segjer Herren som miskunnar deg. 11Du arme stormdrivne, trøystarlause, sjå, eg legg dine steinar i antimon, byggjer grunnmuren din med safirar. 12Eg gjer dine murtindar av rubinar og portarne av karfunkel og heile din ringmur av dyre steinar. 13Og alle dine søner skal vera upplærde av Herren, og stor fred skal sønerne dine hava. 14Ved rettferd skal du standa fast, ver trygg for vald, du hev inkje å ottast, og for rædsla, ho når deg ikkje. 15Yppar nokon til strid, kjem det ikkje frå meg, den som tek på deg, skal falla i striden mot deg. 16Sjå, eg hev skapt smeden som blæs i kolelden og lagar våpn til sitt bruk, og eg hev skapt tynaren til å øyda det. 17Alle våpn dei smider mot deg, skal vanheppast; og kvar tunga som yppar strider med deg, skal du få domfelt. Det er den arv som Herrens tenarar fær, og deira rettferd frå meg, segjer Herren.