1Høyr på meg, de som jagar etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på det fjell de er hogne utor, brunnen som de er gravne utor! 2Sjå på Abraham, dykkar far, og på Sara som fødde dykk! Ein han var då eg kalla honom, og eg signa honom so han vart mange. 3For trøyst vil Herren gjeva til Sion, trøyst til alle ruinarne hennar. Audheidi hennar gjer han til Eden, og øydemarki til Herrens hage. Gleda og frygd skal finnast der, lovsong og jubeltonar. 4Høyr på meg, du mitt folk, og lyd på meg, du min lyd! For lov gjeng ut ifrå meg, og min rett eg set til ljos for folki. 5Nær er alt mi rettferd, til synes kjem mi frelsa, og mine armar hjelpar folki til rett. Øyland ventar på meg, og på min arm dei stundar. 6Lyft augo upp til himmelen, og sjå på jordi her nede! For himmelen skal kverva som røyk, og jordi skal morkna som klædeplagg, dei som bur der, døy som my. Men æveleg varer mi frelsa, og aldri tryt mi rettferd. 7Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk med mi lov i ditt hjarta! Ottast ikkje for menneskjespott, og ræddast ikkje deira hæding. 8For mol skal deim eta som klæde, og åt skal deim eta som ull. Men æveleg varer mi rettferd, og mi frelsa frå ætt til ætt. 9Vakna, vakna, klæd deg i kraft, du Herrens arm! Vakna upp som i fordoms tid, som i gamle dagar! Var det ’kje du som ubeistet hogg, og sjøormen stakk i hel? 10Var det ikkje du som turrlagde havet, vatnet i store-djupet, havbotnen gjorde til veg, so dei utløyste der kunde fara? 11Dei som Herren hev frikjøpt, skal snu heim og koma til Sion med jubelsong, med æveleg gleda til hovudkrans. Gleda og frygd skal dei nå, og sorg og sukk skal fly. 12Ja, eg er dykkar trøystar. Kven er då du som ræddast for menneskje som skal døy, for mannsborn som kverv som gras? 13Og du gløymer Herren, din skapar, himmel-utspanaren, jord-grunnfestaren, og ræddast stødt all dagen for valdsmanns vreide! Når han siktar på øydeleggjing, kvar er då valdsmanns vreide? 14Snart skal han verta løyst, han som ligg bøygd i band, og han skal ikkje døy og ganga i gravi, og ikkje skal han vanta brød. 15Og eg er Herren, din Gud, som rører upp havet so bylgjorne bruser. Allhers-Herren er namnet mitt. 16Og eg lagde ordi mine i munnen din og løynde deg i skuggen av handi mi, so eg kunde planta ein himmel og grunna ei jord og segja til Sion: Du er mitt folk! 17Råd or, råd or, reis deg, Jerusalem! Du drakk av Herrens hand hans vreide-staup! Tumleskåli laut du tøma til botnar. 18Det er ingen som leider henne av alle dei borni ho fødde, og ingen tek henne i handi av alle dei borni ho fostra. 19Tvo ting var det som hendest deg - kven ynkar deg? - vald og våde, svolt og sverd - kven trøystar deg? 20Sønerne dine seig ned og låg på alle gatehyrno som ein hjort i garnet, dei var metta med Herrens brennande harm, med refsingsord frå din Gud. 21Difor høyr då dette, du arming, du som er full, um ikkje av vin. 22So segjer herren din, Herren, din Gud som forsvarer sitt folk: No tek eg tumleskåli or handi på deg, mitt vreide-staup skal du ikkje tøma meir. 23Og eg gjev det i handi på plagaran’ dine, dei som sagde til deg: «Legg deg ned, so me kann få trøda på deg!» og du gjorde din rygg lik flate marki, som ei gata for ferdafolk.