1Sjå min tenar som eg styd, min utvalde som eg elskar! Honom gjev eg anden min, rett han førar ut til folki. 2Ikkje mun han ropa, skrika, ei på gata bruka mælet. 3Brostne røyrstrå ei han bryt, sløkkjer ei den veik som gløder, trufast ber han retten ut. 4Ei han veiknar, ei han brotnar fyrr han rett på jord fær setja, øyer ventar på hans lov. 5Soleis talar Herren Gud, som hev himmeln skapt og utspent, jordi lagt med vokstrar på, gjeve folk på henne ande, andedrag åt deim der ferdast: 6Eg, Herren, hev deg i rettferd kalla, eg tok deg i handi, eg varar deg og gjer deg til folkepakt og til ljos for heidningar, 7til å opna blinde augo, føra fangar ut or fengsel deim som sit i myrker, or fangehus. 8Eg er Herren, det er mitt namn, ingen annan fær mi æra, ikkje bilæti min pris. 9Sjå, dei fyrste ting er komne, og eg meldar nye ting; endå fyrr dei upp hev runne, eg forkynner dykker deim. 10Syng ny song for Herren, lova han til heimsens endar! Sjøfolk og du havsens myrja, øyland og dei folk der bur! 11Heidi syng med sine byar, hytteby der Kedar bur. Dei som bur på berget, jublar, ropar ned frå høgste nut. 12Dei skal gjeva Herren æra og hans pris til øyland bera. 13Ut gjeng Herren som ei kjempa, eggjar harmen som ein stridsmann, herrop lyfter han og skrik, ter si magt mot sine motmenn. 14Stilt eg heve tagt so lenge, mållaus hev eg halde meg. No eg styn som viv i barnsnaud, etter anden syp og pæsar. 15Berg og haug eg legg i øyde, svider av alt grønt på deim, elvar gjer eg um til øyer, sjøar let eg turkast upp. 16Blinde ukjend veg eg fører, so dei fer ukjende stigar, myrkt gjer eg til ljost for deim, bakkeland til flate sletta. Dette er det eg vil gjera og slett ikkje lata vera. 17Vika lyt storleg skjemmast dei som lit på bilæt-gud, og til støypte bilæt segjer: «De er våre gudar.» 18Dauve, høyr! Blinde, upp med augo! Sjå! 19Kven er blind, um ei min tenar, dauv som sendebodet mitt? Kven er blind som venen min? Kven er blind som Herrens tenar? 20Mangt du såg, men gøymer ikkje, han fekk øyra upp, men høyrer ei. 21For si rettferd skuld vil Herren gjera lovi stor og herleg. 22Men det er eit plundra folk, herja folk, alle bundne sit i hol og i fangehusi løynde. Herfang er dei, og hev ingen frelsar, ran, og ingen segjer: «Gjev det att!» 23Kven av dykk gjev gaum på dette, lyder på og høyrer sidan? 24Kven gav Jakob burt til ran og til ransmenn Israel utan Herren som me synda mot, som hans vegar dei ei fara vilde og ei høyra på hans lov? 25So rende han yver deim sin heite harm og ein veldug krig. Det ikring deim loga, men dei skyna inkje, brende deim, men dei la ikkje det på hjarta.