1Høyr stilt på meg, de strender, lat folki få seg ny kraft! Lat deim so koma hit og tala! Til doms me fylgjast åt. 2Kven vekte frå auster honom som siger fylgjer for fot? Kven gjev honom folk til eiga og kongar til rådevelde? Kven gjer deira sverd til dust, deira boge til fjukande bos? 3Han elter deim, fer i fred ein veg som han aldri hev gjenge. 4Kven hev gjort og fullført dette? - Han som upphavleg kalla ætterne fram. Eg, Herren, eg er den fyrste og enn hjå dei siste med same. 5Strender såg det og ræddast, jordheims utbygder skalv, dei kom og stima i hop. 6Den eine hjelpte den andre og sa til bror sin: «Ver sterk!» 7Snikkaren gullsmeden mana, og platemakaren smeden; han sa um loddingi: «Ho er god!» So feste han guden med spikar so stødt. 8Men du, min tenar Israel, du Jakob, som eg ut hev valt, du ætt av Abraham, min ven, 9du som eg tok frå heimsens endar og kalla deg frå ytste utkant og sa til deg: Min tenar er du, eg hev deg valt og ei forsmått, 10ver ikkje rædd, for eg er med deg, ver hugheil, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg, og hjelper deg, eg styd deg med mi rettferds hand. 11Sjå, dei vert til spott og skam, dei som harmast på deg; dei vert til inkjes, gjeng til grunns, dei som trættar med deg. 12Leitar du, finn du deim ikkje, dei som stridar mot deg; dei vert til null og ingen ting dei som krigar mot deg. 13For eg er Herren, din Gud, som held deg i høgre handi og segjer til deg: Ver ikkje rædd! Eg hjelper deg. 14Ver urædd, Jakob, arme krek, du vesle flokk av Israel! «Eg hjelper deg», er Herrens ord, og Israels Heilage deg løyser. 15Eg gjer deg til ei treskjeslede, ein ny og kvass med mange tenner, so du skal treskja, krasa fjell og gjera haugar um til agner. 16Du kastar deim, og vinden tek deim, og stormen spreidar deim ikring; men du skal frygda deg i Herren og rosa deg av Israels Heilage. 17Dei arme fatigfolk, dei leitar fåfengt etter vatn, med tunga sårt av torste brenn; men deim vil eg bønhøyra, Herren, Israels Gud, vil ikkje svika deim. 18På haugar let eg elvar renna, og midt i dalar ollor springa, eg heidi gjer til klåre sjø og turre landet til kjeldevang. 19I heidi let eg cedrar veksa, akasja, myrt og oljetre, på snaudheid eg cypressa set i lag med alm og edelgran, 20so folk kann sjå og vita vel og merka seg og skyna grant, at Herrens hand hev dette gjort, og Israels Heilage det skapt. 21Kom hit med saki dykkar! segjer Herren, gjev dykkar grunnar! segjer Jakobs konge. 22Lat deim då koma, melda oss kva som skal henda. So meld oss kva de fyrr hev spått, at me kann agta på det og sjå um det vert uppfyllt. Ell’ lat oss høyra kva som kjem. 23Seg frå kva sidan koma skal, so me kann skyna de er gudar. Ja, gjer då noko godt ell’ vondt, so me kann sjå det alt med undring! 24Men de er ingen ting, og dykkar verk er inkjevetta. Ufysleg den som vel seg dykk! 25Frå nord eg vakte honom, og han kom frå auster han som på mitt namn skal kalla, han trakka skal på hovdingar som leir, som pottemakar som trør i leira. 26Kven hev frå fyrst det kunngjort so me skyna det, frå fyrste stund so me kann segja: «Han fekk rett?» Nei, ingen hev det meldt, og ingen hev sagt frå, og ingen høyrde at de ymta noko. 27Eg sagde fyrst til Sion: Sjå der er det! Og gav Jerusalem eit gledebod. 28Eg ser meg um, men der er ingen, imillom deim kann ingen gjeva greida, so eg deim kunde spyrja, og dei svara. 29Sjå, alle er dei ingen ting, og deira verk er inkjevetta, og deira bilæte er luft og vind.