1Trøysta, trøysta mitt folk! Segjer dykkar Gud. 2Tala mildt til Jerusalem, og ropa til henne, at striden hennar er enda, at skuldi hennar er kvitta, at ho hev fenge av Herren tvifelt for alle sine synder. 3Høyr, det ropar: «Brøyt i heidi veg for Herren! Jamna til i øydemarki gata for vår Gud! 4Kvar ein dal skal hevjast, kvart eit berg og bakke jamnast, haugarne verta ei sletta, og hamrarne verta til flatland. 5Herrens herlegdom skal te seg, alt kjøt skal det få sjå. For Herrens munn hev tala.» 6Høyr, det segjer: «Preika!» Svarar ein: «Kva skal eg preika?» «Alt kjøt er gras, og alt dess ynde som blom på marki. 7Graset visnar, blomen folnar, når Herrens ande blæs på deim. Ja, i sanning, folk er gras. 8Graset visnar, blomen folnar, men ordet frå vår Gud stend æveleg.» 9Stig upp på høge fjellet, du Sion, fagnadbod! Lat røysti ljoma sterkt, Jerusalem, du gledebod! Lat ljoma, ræddast ei! Seg det til Judas byar: «Sjå der er dykkar Gud!» 10Sjå, Herren, Herren kjem, den sterke, og med sin arm han ter si magt. Si løn han fører med seg, og fyre gjeng dei han hev vunne. 11Som hyrding gjæter buskap sin, han sankar deim i armen, smålambi ber ved barmen, og leider møderne vart og lint. 12Kven hev vatnet mælt i sin love, og yver himmelen spanna, og jordmoldi mælt i kanna, og vege fjell på bismar, og haugarne lagt på skålvegt? 13Kven hev rettleidt Herrens ande? Kven gjev honom råd og lærdom? 14Kven tok han på råd til å gjeve seg skyn, til å lære seg rette vegen, og læra seg kunnskap og visa seg vegen til vit? 15Nei, folki er som ein drope på vatsspann, som dust i skålvegt dei reknast, og øylandi føykjer han som fjom. 16Libanon hev ikkje nok av ved, og ikkje offerdyr nok. 17Som inkje er alle folki for honom, han reknar deim for tome inkjevetta. 18Kven vil de då likna Gud med? Kva bilæte setja ved sida? 19Bilætet, det støyper meisteren, og gullsmeden gyller det, og støyper sylvkjedor til det. 20Er ein for arm til slik ei gåva, vel han seg tre som ikkje morknar, og leitar upp ein dugleg meister, som set eit stødigt bilæt’ upp. 21Skynar de ikkje? Høyrer de ikkje? Er det ’kje meldt dykk frå fyrste stund? Greider de ikkje jorderiks grunnar? 22Han sit høgt yver jordheims-kringen, dei som der bur, er som grashoppesverm. Himmelen breidde han ut som ein florduk, spana han ut som eit tjeld til å bu i. 23Hovdingar gjer han til ingen ting, domarar på jordi til inkjevetta. 24Knapt er dei planta, knapt er dei sådde, knapt hev dei rotfest i jordi sin stomn, fyrr han andar på deim, og dei visnar, stormen føykjer deim burt som strå. 25Kven vil de likna meg med, so eg honom liktest? den Heilage segjer. 26Lyft dykkar augo mot høgdi, og sjå kven hev som desse hev skapt! Han som mynstrer heren deira, nemner deim alle på namn. Stor i velde og sterk i kraft ikkje han saknar ein. 27Kvi vil du segja, Jakob, og tala so, Israel: «Min veg er løynd for Herren, og min rett kjem burt for min Gud?» 28Hev du ’kje skyna det? Hev du ’kje høyrt det? Herren han er ein æveleg Gud, han hev skapt den vide verdi. Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mod, hans vit kann ingen grunda ut. 29Han gjev den trøytte kraft og aukar styrken for magtlaus mann. 30Gutar vert trøytte og mode, og unge karar lyt snåva. 31Men dei som vonar på Herren, fær atter kraft, dei fær nye vengjefjører som ørnar. Dei spring og trøytnar ikkje, dei gjeng og mødest ei.