1Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg. 2Herre, ver oss nådig! Etter deg biar me; ver armen vår kvar morgon, ja vår frelsa i nauds tid! 3For torerøysti rømer folki; når du reiser deg, vert heidningarne spreidde. 4Fengdi dykkar vert sanka, liksom skavaren sankar; liksom engsprettorne spring, spring dei etter det. 5Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd. 6Trygge tider skal koma for deg, ein fullnad av frelsa, av visdom og kunnskap; otte for Herren skal vera skatten åt det. 7Høyr kjemporne deira skrik der ute, fredsbodi græt sårt. 8Ålmannvegarne er aude, ferdafolk er der ’kje meir - han hev brote pakti, vanvyrdt byarne, ikkje vyrdt noko menneskje. 9Landet folnar, visnar; Libanon stend skjemd, folnar burt; Saron er som den aude mark; og Basan og Karmel rister lauvet av seg. 10No vil eg standa upp, segjer Herren, no vil eg reisa meg, no vil eg gjera meg høg. 11De skal ganga umhender med strå og føda halm; dykkar frøsing er ein eld som skal øyda dykk. 12Og folkeslag skal verta brende til kalk - avskoren klunger som vert uppbrend med eld. 13Høyr, de som er langt undan, kva eg hev gjort, og de som er nær, kjenn min styrke! 14Syndarar skjelv på Sion, skjelte hev teke dei vanheilage: «Kven kann bu ved ein øydande eld? Kven kann bu ved ævelege bål?» 15Den som ferdast i rettferd og talar det som rett er, som ikkje vyrder urettferdig vinning, som held sine hender frå å taka mutor, stappar øyro att og vil ikkje høyra blodråd, og som let augo att og vil ikkje sjå på vondt, 16han skal bu på høge stader, fjellborger er hans vern; brødet vert gjeve honom, vatnet tryt ikkje for honom. 17Augo dine skal skoda kongen i hans fagerdom, dei skal sjå eit vidsveimt land. 18Hjarta ditt skal minnast rædsla: «Kvar er han som skreiv upp? Kvar er han som vog pengarne? Kvar er han som talde tårni?» 19Det ville folket skal du ikkje meir sjå, folket med det vande målet som ein ikkje kann skyna, med den stamande tunga som ein ikkje kann tyda. 20Sjå på Sion, byen for våre høgtidsstemnor! Augo dine skal i Jerusalem sjå ein trygg bustad, eit fjell som ikkje vert flutt; pålarne vert æveleg ikkje upprykte, og ikkje ei av snorerne vert sundslitne. 21Men der skal me hava ein veldug, Herren - i staden for breide åer og elvar; ingi rorskuta skal fara der, og ikkje noko veldugt langskip. 22For Herren er domaren vår, Herren er vår lovgjerar, Herren er kongen vår, han skal frelsa oss. 23Slakke heng togi dine, dei evlar ikkje stydja mastri, dei held ikkje seglet utspent - då vert herfang bytt i mengd, jamvel dei lame ranar ran. 24Og ingen ibuar skal segja: «Eg er sjuk.» Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.