1Usæle dei tråssuge born, segjer Herren, som fullfører råd som ikkje er frå meg, og gjer samband utan min ande, so dei legg synd til synd, 2som fer av stad til Egyptarland, og hev ikkje spurt etter mitt ord - dei vil verna seg med Faraos vern og finna livd i skuggen av Egyptarland! 3Men Faraos vern skal verta dykk til skam, og livdi i skuggen av Egyptarland til skjemd. 4For fyrstarne deira er komne til Soan, og sendebodi hans når til Hanes; 5alle vert dei til skammar ved eit folk som ikkje gagnar deim, ikkje er til hjelp og til bate, men både til skam og skjemd. 6Framsegn um udyret i Sudlandet. Gjenom eit land med naud og trengsla, der løvemor og løva, hoggorm og fljugande eiterorm hev heimen sin, fører dei eigedomen sin på asenrygg og på kamelrugg skattarne sine til eit folk som ikkje gagnar. 7Slett ikkje og aldri vil Egyptarland hjelpa; difor kallar eg det: «Storskrytaren som sit still». 8Gakk no inn, skriv det på ei tavla medan dei ser på, og teikna det inn i ei bok, so det kann vera for komande dagar, for alltid, til æveleg tid! 9For det er eit tråssugt folk, ljugarborn, born som ikkje vil høyra Herrens lov, 10som segjer til sjåarane: «De skal ikkje sjå,» og til deim som skodar: «De skal ikkje skoda for oss det som rett er. Tala smeikjande til oss, skoda synkvervingar, 11vik burt frå vegen, bøyg av frå råsi, få Israels Heilage burt frå augo våre!» 12Difor, so segjer Israels Heilage: «Etter di de vandar dette ordet, og lit på vald og krokvegar og styd dykk på det, 13difor skal denne misgjerdi verta dykk som ein falleferdig mole, som hev rivna ut or ein høg mur, og som brått kann verta nedbroten i ein augneblink. 14Han vert krasa, liksom ein krasar krusty, som ein utan skonsel slær sund, so det millom molarne ikkje finst eit brot til å henta eld med frå gruva eller ausa vatn med av brunnen. 15For so segjer Herren, Herren, Israels Heilage: Dersom de vender um og held dykk stille, skal de verta frelste, i stilla og i tillit skal dykkar styrke vera. Men de vilde ikkje. 16De sagde: Nei, men på hestar vil me fljuga» - difor skal de fly - «og på snøggføtte vil me rida» - difor skal forfylgjararne dykkar verta snøgge -. 17Eit tusund skal røma for trugsmål frå ein; og for trugsmål frå fem skal de røma, til dess dykkar leivning er lik ei flaggstong på toppen av eit fjell og eit merke på ein haug. 18Og difor biar Herren med å vera dykk nådig, og difor held han seg langt burte i det høge med si miskunn mot dykk; for Herren er doms Gud, sæle er alle dei som biar på honom. 19For du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du må ikkje gråta meir; han vil vera deg nådig når du ropar um hjelp; når han høyrer det, svarar han deg. 20Herren skal gjeva dykk trengsels-brød og fengsels-vatn, og då skal lærarane dine ikkje meir løyna seg, men augo dine skal sjå lærarane dine, 21og øyro dine skal høyra eit bak deg, soleis: «Dette er vegen, gakk på den!» - når det vik av til høgre, og når de vik av til vinstre. 22Og du skal halda for ureint sylvplatorne på dine utskorne bilæte og gyllingi på ditt støypte bilæte, du skal kasta deim burt som skarn. «Ut med deg!» skal du segja til det. 23Då skal han gjeva regn for ditt sæde, som du sår i jordi, og brød av grøda på jordi, og det skal vera både kraftigt og saftigt; den dagen skal bufeet ditt beita på ei vid eng. 24Og uksarne og asni, som arbeider jordi, skal eta salta blandingsfôr, som vert kasta med skufl og kastegreip. 25Og på kvart høgt fjell og på kvar høg bakke skal det vera bekkjer, straumar av vatn, på den store slagtedagen, når tårn fell. 26Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sjufaldt, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren bind um bråtet som folket hans hev fenge, og lækjer såret av slaget det fekk. 27Sjå, Herrens namn kjem langt burtanfrå, brennande er vreiden hans, og svær er røyken som stig upp; lipporne hans svell av harm, og tunga hans er som øydande eld, 28og vreidepusten hans er som ei yverfløymande bekk, som når til halsen; han vil sælda heidningfolki i tyningssåldet og leggja eit vildringsbeisl i munnen åt folki. 29Dykkar song skal ljoda som i den natti då høgtidi vert innvigd, og det skal vera hjartans gleda, som når dei gjeng med fløytespel upp til Herrens fjell, til Israels berg. 30Og Herren skal lata si velduge røyst ljoda og syna sin nedfarande arm i vreid harm og øydande eldsloge, støytregn og sturtregn og hagl. 31For røysti åt Herren skal Assur verta forfærd, han som slær honom med staven. 32Og kvar gong straffestaven som Herren let falla på honom, fer ned, skal det ganga fyre seg med klang av trummor og cithrar, og i stridar mot det med svingande arm. 33For ei brandtuft er tilbudd longe; ogso for kongen er ho tilbudd, djup og vid; bålet hennar hev eld og ved i mengd; anden åt Herren, lik ein svåvelstraum, set det i brand.