1«Send landsherren dei lamb han skal hava frå Sela gjenom øydemarki til fjellet åt dotteri Sion!» 2Liksom flaksande fuglar, som skræmde fuglungar, skal Moabs døtter koma til vadi yver Arnon. 3«Gjev råd, finn utveg åt oss! Lat skuggen din vera som natti, no midt i dagsljoset! Gjev livd åt dei burtdrivne! svik ikkje den som flyr! 4Lat mine burtdrivne finna tilhald hjå deg, ver ein verneskjold åt Moab imot mordaren! For det er ute med valdsmannen, øydeleggjingi fær ende, og trælkaren hev fare or landet. 5So vert kongsstolen grunnfest ved mildskap, og det skal trygt sitja der ein fyrste i Davids tjeld, ein domar som fer etter det som rett er, og som fremjar rettferd.» 6Me hev høyrt um Moabs ovmod, det store og stolte, um hans ofse, byrgskap og ovlæte, um hans tome skryt. 7Difor skal Moab jamrar yver Moab, alt landet skal jamra seg. Yver druvekakorne i Kir-Hareset skal dei sukka i djup ørvæna. 8For Hesbons vinmarker hev visna, Sibma-vintrei. Soldruvorne slo folkehovdingarne til jordi. Dei nådde radt til Jazer, og vildra seg ut i øydemarki; greinerne breidde seg ut, for yver havet. 9Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintrei; med tårorne mine vil eg vatna deg, Hesbon, og deg, El’ale; for yver din frukthaust og vinhaust hev vinpersarropet slege ned. 10Gleda og fagnad er kvorve or aldehagarne, og frå vinhagarne høyrest ikkje gledesongar eller fagnadrop; ingen trakkar druvor i persorne. Eg hev late vinpersarropet deira tagna. 11Difor bivrar mitt brjost for Moab som citherstrengjer, og mitt hjarta for Kir-Heres. 12Og når Moab viser seg på offerhaugen og stræver der, og han kjem til heilagdomen sin og bed, so vinn han inkje med det. 13Dette er det ordet som Herren fordom hev tala til Moab. 14Men no talar Herren so: Innan tri år - so som ein leigekar reknar åri - skal Moabs herlegdom og all hans store folkesverm vera lite vyrd, og leivningen som er att, skal vera liten og vesall, ikkje mykje verd.