1Men ein kvist skal renna or Isaistuven, og ein renning frå hans røter skal bera frukt. 2Og Herrens Ande skal kvila yver honom, anden med visdom og vit, anden med råd og styrke, anden med Herrens kunnskap og otte. 3Han skal hava sin hugnad i Herrens otte, og han skal ikkje døma etter det augo ser, og ikkje skipa rett etter det øyro høyrer. 4Han skal døma armingar med rettferd, og skipa rett med rettvisa for dei smålåtne i landet, og han skal slå jordi med riset i sin munn og drepa den gudlause med anden frå lipporne sine. 5Rettferd skal vera beltet um lenderne og truskap beltet um mjødmarne hans. 6Då skal ulven bu saman med lambet, og panteren liggja i lag med kidlingen; og kalven og ungløva og gjødfeet skal semjast saman, og ein smågut skal gjæta deim. 7Kui og bjørnen skal beita saman, ungarne deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm som ein ukse. 8Sogbarnet skal leika seg innved bolet til hoggormen, og barnet som nyst er avvant, skal retta handi inn i hola åt basilisken. 9Ingen skal gjera det som vondt eller skadelegt er, på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havet. 10På den dagen skal heidningfolki søkja til rotrenningen av Isai, som stend til fana for folki; og bustaden hans skal vera herleg. 11Og på den dagen skal Herren endå ein gong retta ut handi og vinna leivningen av folket sitt, det som er att frå Assyria og Egyptarland og Patros og Ætiopia og Elam og Sinear og Hamat og havstrenderne. 12Og han skal reisa ei fana for folki og samla dei burtdrivne menner av Israel og sanka saman dei spreidde kvinnor av Juda frå heimsens fire hyrno. 13Då skal Efraims ovund kverva, og uvenskapen hjå Juda vika; Efraim skal ikkje hysa ovund mot Juda og Juda ikkje visa uvenskap mot Efraim. 14Som rovfuglar skal dei slå ned på herdarne åt filistarane i vest, og sameinte skal dei taka herfang av austerlendingarne. På Edom og Moab skal dei leggja hand, og Ammons-borni skal lyda deim. 15Og Herren skal turka upp viki av Egyptarhavet, og i brennande harm svinga handi yver elvi, og han skal kløyva henne i sju bekkjer, so ein kann ganga turrskodd yver. 16So skal det verta ein brøytt veg for leivningen av folket hans, som er att frå Assyria, liksom det var for Israel den dagen dei drog upp frå Egyptarland.