1Og Herren sagde til meg: «Gakk ein gong til stad og elska ei kvinna som hev ein elskar og er ei lauslyndt kvinna, liksom Herren elskar Israels-borni, endå dei vender seg til andre gudar og elskar druvekakor!» 2Og eg kjøpte meg ei slik kvinna og gav for henne femtan sylvdalar og tri tunnor bygg og attpå halvonnor tunna bygg. 3So sagde eg til henne: «I mange dagar vert du no sitjande for meg og fær ikkje gjera hor eller hava med nokon annan mann å gjera. So skal eg og taka det sameleis med deg.» 4For i mange dagar skal Israels-borni sitja utan konge og hovding, utan ofring og bilætsulor, utan messehakel og husgudar. 5So skal Israels-borni venda um og søkja Herren, sin Gud, og David, kongen sin. Og bivrande skal dei koma til Herren og til hans velsigning i dei seinste dagar.