1Då Israel var ung, hadde eg honom kjær, og ut or Egyptarland kalla eg son min. 2Di meir dei kalla på deim, di meir gjekk dei burt ifrå deim. Åt Ba’alarne ofrer dei, åt bilæti brenner dei røykjelse. 3Og det var då eg som lærde Efraim å ganga, tok deim på armarne mine. Og ikkje skyna dei at eg lækte deim. 4Med menneskjesnorer drog eg deim, med kjærleiksband. Og eg var deim som dei som lettar oket yver kjakarne deira, og eg bøygde meg ned til honom og let honom få mat. 5Han skal ikkje fara attende til Egyptarland; men Assur, han skal vera kongen hans, for dei vilde ikkje venda um. 6Og sverd skal rasa i byarne hans og brjota bommarne hans og eta ikring seg - for deira uråder skuld. 7Og folket mitt er huga på fråfall frå meg. Og um ein kallar deim til det høge, so er det ingen som lettar på seg. 8Korleis skal eg nenna gjeva deg upp, Efraim? Korleis skal eg lata deg fara, Israel? Kann eg nenna gjeva deg upp som Adma, gjera med deg som med Sebojim? Hjarta mitt vrid seg i meg, all mi vårkunn vaknar. 9Eg vil ikkje lata deg kjenna min brennande harm. Ikkje vil eg atter tyna Efraim. For Gud er eg og ikkje eit menneskje. Heilag er eg midt i deg, og med vreide vil eg ikkje koma. 10Etter Herren skal dei då fylgja, som ei løva skal han bura. Ja, han skal bura, og bivrande skal born koma frå havet. 11Bivrande skal dei koma som fuglar frå Egyptarland og som duvor frå Assurs land. Og eg vil lata deim bu i husi sine, segjer Herren. 12