1No hadde vel og den fyrste pakti sine fyreskrifter um gudstenesta og den jordiske heilagdomen. 2For det vart laga eit tjeld, det fremste, og i det var både ljosestaken og bordet og skodebrødi; dette er kalla det heilage. 3Og attanfor det andre forhenget var det tjeldet som er kalla det høgheilage, 4det som hadde eit røykjelse-altar av gull og sambandskista, som var klædd heilt kringum med gull; og i henne var ei gullkrukka med manna og Arons stav, som hadde blømt, og sambandstavlorne, 5og ovan yver henne herlegdoms kerubar, som skygde yver nådestolen; men um desse ting skal me ikkje no tala stykke for stykke. 6Men då no dette er laga soleis, so gjeng prestarne alltid inn i det fremste tjeldet når dei gjer si tenesta. 7Men i det andre gjeng berre øvstepresten inn ein gong um året, ikkje utan blod, som han ber fram for seg sjølv og for misferderne åt folket. 8Dermed syner den Heilage Ande dette, at vegen til heilagdomen endå ikkje er openberra, so lenge det fremste tjeldet stend. 9For dette er eit bilæte på den noverande tid, og i samhøve dermed vert både gåvor og slagtoffer framborne, som ikkje kann gjera den fullkomen etter samvitet, som tenar Gud, 10men som berre er kjøtlege fyreskrifter, saman med mat og drykk og alle slag tvættingar, pålagde til dess tidi til rettarboti kom. 11Men då Kristus kom som øvsteprest for det tilkomande gode, gjekk han gjenom det større og fullkomnare tjeldet, som ikkje er gjort med hender, det er: som ikkje er av denne skapning, 12og ikkje med blod av bukkar eller kalvar, men med sitt eige blod, ein gong inn i heilagdomen og fann ei æveleg utløysing. 13For dersom blodet av bukkar og uksar og oska av ei kviga, når det vert skvett ut yver dei ureine, helgar til reinleik på kjøtet, 14kor mykje meir skal då blodet av Kristus, som ved ei æveleg ånd bar seg sjølv fram som eit ulastelegt offer for Gud, reinsa dykkar samvit frå daude gjerningar til å tena den livande Gud! 15Og difor er han millommann for ei ny pakt, for at dei som er kalla, skal få den ævelege arven som var lova, dermed at ein døydde til utløysing frå misgjerningarne i den fyrste pakt. 16For der det finst eit testament, der er det naudsynlegt, at dauden hans som hev gjort testamentet, vert stadfest. 17For eit testament vert fyrst gjeldande etter dauden, og det hev aldri kraft so lenge han liver som gjorde testamentet. 18Difor vart heller ikkje den fyrste pakt innvigd utan blod. 19For då kvart bod etter lovi var forkynt av Moses for alt folket, so tok han blod av kalvar og bukkar, saman med vatn, og skarlakraud ull og isop, og skvette både på boki sjølv og på alt folket 20og sagde: «Dette er blodet til den pakt som Gud hev gjeve bod um til dykk.» 21Men ogso tjeldet og all reidskapen som høyrde til gudstenesta, skvette han like eins blodet på. 22Og næstan alt vert etter lovi reinsa med blod, og utan at blods utrenning vert det ingi forlating. 23So er det då naudsynlegt at avbilæti av dei himmelske ting vert reinsa med slikt, men dei himmelske ting sjølve med betre offer enn desse. 24For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som var gjord med hender, eit avbilæte av den sanne, men inn i sjølve himmelen til å syna seg no for Guds åsyn for vår skuld, 25og ikkje heller so, at han fleire gonger skulde ofra seg sjølv, liksom øvstepresten kvart år gjeng inn i heilagdomen med framandt blod, 26for då hadde han ofte lote lida frå verdi vart grunnlagd; men no er han ein gong ved enden av tiderne openberra til å taka burt syndi ved sitt offer. 27Og liksom det er so laga at menneski lyt døy EIN gong, og sidan kjem dom, 28soleis er og Kristus ofra EIN gong for å taka burt synderne frå dei mange; og andre gongen skal han, utan synd, syna seg til frelsa for deim som ventar på honom.