1For kvar øvsteprest vert teken bland menneskje og vert innsett for menneskje til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slagtoffer for synder, 2som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han og sjølv ligg under vesaldom, 3og for den skuld lyt han bera fram syndoffer, liksom for folket, so og for seg sjølv. 4Og ingen tek seg sjølv den æra til, men den som vert kalla av Gud liksom Aron. 5So hev ikkje Kristus heller tillagt seg den æra å verta øvsteprest, men han som sagde til honom: «Du er min son, eg hev født deg i dag.» 6Liksom han og segjer ein annan stad: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» 7Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til honom som kunde frelsa honom frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom, 8og soleis lærde han, endå han var son, lydnad av det han leid; 9og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle deim som lyder honom, 10med di Gud kalla honom øvsteprest etter Melkisedeks vis. 11Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, då de hev vorte seinføre til å høyra. 12For de som etter tidi skulde vore lærarar, de treng atter til at ein lærer dykk dei fyrste grunnar i Guds ord; og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda. 13For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn. 14Men fast føda er for vaksne, for deim som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.