1Men tru er full vissa um det som ein vonar, yvertyding um ting som ein ikkje ser. 2For på grunn av henne fekk dei gamle godt vitnemål. 3Ved tru skynar me at verdi er fullførd ved Guds ord, so det som vert set, ikkje vart til av det synlege. 4Ved tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain; ved henne fekk han det vitnemål at han var rettferdig, med di Gud vitna um gåvorne hans, og ved henne talar han enno, etter han er daud. 5Ved tru vart Enok burtrykt, so han ikkje skulde sjå dauden, «og han vart ikkje funnen, av di Gud hadde rykt honom burt.» For fyrr han vart burtrykt, fekk han det vitnemål at han tektest Gud; 6men utan tru er det umogelegt å tekkjast Gud; for den som vil koma til Gud, må tru at han er til, og at han løner deim som søkjer honom. 7Ved tru var det Noah, då Gud varsla honom um det som ein ikkje såg endå, med heilag otte bygde ei ark til frelsa for sitt hus; ved henne fordømde han verdi og vart erving til den rettferd som er av tru. 8Ved tru var Abraham lydug då han vart kalla, so han gjekk til den staden han skulde få til arv; og han tok ut, endå han ikkje visste kvar han skulde koma. 9Ved tru busette han seg som utlending i det landet som var honom lova, liksom i eit framandt land, og budde i tjeld saman med Isak og Jakob, som var medervingar til den same lovnaden; 10for han venta på byen med dei faste grunnvollarne, som Gud er byggmeister og skapar til. 11Ved tru fekk og Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, og det trass i alderen sin, for ho heldt honom for trufast som hadde lova det. 12Difor vart det og av ein, og det ein utlivd, avla so mange som stjernorne på himmelen og som sanden på havsens strand, som ingen kann telja. 13I tru døydde alle desse, utan dei hadde nått det som var lova; men dei såg det langt burte, og helsa det og sanna at dei var framande og utlendingar på jordi. 14For dei som segjer slikt, dei syner at dei søkjer eit fedreland. 15Og dersom dei hadde tenkt på det som dei kom ifrå, so hadde dei havt tid til å fara dit att; 16men no stundar dei etter eit betre, det er eit himmelsk; difor skjemmest ikkje Gud ved deim, ved å kallast deira Gud; for han hev bygt ein by ferdig åt deim. 17Ved tru ofra Abraham Isak, då han vart freista, ja, sin einborne ofra han som hadde fenge lovnaderne, 18han som det var sagt til: «Etter Isak skal ætti di heita.» 19For han tenkte at Gud var megtig endå til å vekkja upp ifrå dei daude, og han fekk honom liksom att derifrå. 20Ved tru velsigna Isak Jakob og Esau med syn på det som skulde koma. 21Ved tru velsigna Jakob døyande kvar ein av Josefs søner og tilbad, bøygd yver knappen på staven sin. 22Ved tru tala Josef på sitt siste um at Israels born skulde ganga ut, og gav påbod um beini sine. 23Ved tru vart Moses, då han var fødd, gøymd av foreldri sine i tri månader, av di dei såg at det var so vænt eit barn, og dei var ikkje rædde for kongens bod. 24Ved tru vilde Moses, då han vart stor, ikkje kallast dotterson til Farao, 25og valde heller å lida vondt saman med Guds folk, enn å hava ei stuttvarug njoting av syndi, 26då han heldt Kristi vanære for større rikdom enn Egyptarlands skattar; for han såg fram til løni. 27Ved tru forlet han Egyptarland, urædd for kongens vreide; for han heldt ut som um han såg den usynlege. 28Ved tru heldt han påsken med utrenning av blodet, so tynaren ikkje skulde røra deira fyrstefødde. 29Ved tru gjekk dei gjenom Raudehavet liksom yver turt land; men då egyptarane freista på det same, drukna dei. 30Ved tru fall Jerikos murar, då dei hadde gjenge kring deim i sju dagar. 31Ved tru slapp skjøkja Rahab å ganga under med dei vantruande, då ho hadde teke imot spæjarane med fred. 32Og kvi talar eg meir? Tidi vilde verta meg for stutt, um eg skulde fortelja um Gideon og Barak og Samson og Jefta, um David og Samuel og profetarne, 33som ved tru sigra yver kongerike, heldt uppe rettferd, vann lovnader, tepte gapet på løvor, 34sløkte elds magt, slapp undan sverds egg, vart sterke att etter sjukdom, vart velduge i strid, fekk fiendeherar til å vika. 35Kvinnor fekk sine daude att med di dei stod upp; andre vart utspana til pinsla med di dei ikkje vilde taka imot utløysing, so dei kunde vinna ei herlegare uppstoda; 36andre fekk røyna spotting og hudflengjing, ja endå til band og fengsel. 37Dei vart steina, gjenomsaga, freista, dei vart drepne med sverd, dei flakka ikring i sauskinn og geitskinn, leid naud og trengsla og hard medferd - 38dei som verdi ikkje var verd, drivande um i øydemarker og fjell og holor og jordklufter. 39Og endå alle desse fekk vitnemål for si tru, nådde dei ikkje lovnaden, 40etter di Gud fyreåt hadde set ut noko betre for oss, so dei ikkje skulde verta fullkomne utan oss.