1I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Zerubbabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson: 2So segjer Herren, allhers drott: Dette folket segjer: «Det er ikkje enno tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus.» 3Men so kom Herrens ord ved profeten Haggai: 4Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde? 5Og no segjer Herren, allhers drott, so: Agta på korleis det gjeng dykk! 6De sår mykje, og haustar lite; de et og vert ikkje mette; de drikk og sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk og vert ikkje varme; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung. 7So segjer Herren, allhers drott: «Agta på korleis det gjeng dykk!» 8Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren. 9De vona mykje og vann lite; de førde heim og eg bles det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers drott. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus. 10Difor hev himmelen meinka dykk dogg og jordi meinka dykk grøda. 11Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning. 12Zerubbabel Sealtielsson og øvstepresten Josva Josadaksson og alt det som var att av folket lydde på Herren, sin Gud, og ordi frå profeten Haggai, av di Herren, deira Gud, hadde sendt honom; og folket bar age for Herren. 13Og Herrens sendebod Haggai bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren. 14Og Herren kveikte hugen hjå Zerubbabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå øvstepresten Josva Josadaksson og hjå alle deim som var att av folket, so dei lagde i veg og arbeidde på huset åt Herren, allhers drott, deira Gud; 15den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.