1Då kom Gud i hug Noah og alle villdyri og alt bufeet som var med honom i arki, og Gud let ein vind fara yver jordi, og vatnet fall. 2Og brunnarne i djupet og lukorne på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga. 3Og vatnet drog seg etter kvart attende frå jordi, og vatnet minka, då hundrad og femti dagar var lidne. 4Og den syttande dagen i den sjuande månaden tok arki grunn og stana på Araratfjelli. 5Og vatnet minka meir og meir, alt til den tiande månaden: Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltindarne seg. 6Og det hende, då fyrti dagar var lidne, at Noah let upp vindauga på arki, som han hadde gjort, 7og slepte ut ein ramn, og den flaug til og frå, til vatnet hadde torna burt av jordi. 8So sende han ei duva ut ifrå seg, og vilde sjå um vatnet hadde sige undan frå marki. 9Men duva fann ingen kvilestad for foten sin, og kom attende til honom i arki; for det stod vatn yver all jordi. Då rette han ut handi, og tok henne, og hadde henne inn til seg i arki. 10So bia han endå sju dagar, og sende so duva ut att or arki. 11Og då det leid til kvelds, kom duva heim til honom, og sjå: då hadde ho eit grønt oljetrelauv i nebben. Då skyna Noah at vatnet hadde sige undan frå jordi. 12Men han drygde endå sju dagar til. So let han ut duva, og då kom ho ikkje att til honom meir. 13Og det bar so til, at den fyrste dagen i den fyrste månaden i det seks hundrad og fyrste året, då hadde vatnet torna burt av jordi. Og Noah tok taket av arki, og såg utyver, og sjå, marki var turr. 14Og den sju og tjugande dagen i den andre månaden var jordi heiltupp turr. 15Då tala Gud til Noah og sagde: 16«Gakk ut or arki, du og kona di og sønerne dine og konorne åt sønerne dine med deg! 17Og alle dei dyr som er hjå deg, alt kjøt, både fuglarne og feet og alt kreket som krelar på jordi, skal du hava med deg ut, og dei skal yrja på jordi, og alast og aukast utyver jordi.» 18So gjekk Noah ut, og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom. 19Og alle dyri og alt kreket og alle fuglarne, alt som røyver seg på jordi, gjekk ut or arki, kvart etter sitt slag. 20Og Noah bygde Herren eit altar, og tok utav alt det reine feet og utav alle dei reine fuglarne, og ofra brennoffer på altaret. 21Og Herren kjende den gode gimen, og Herren sagde i sitt hjarta: «Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt, alt ifrå ungdomen. Og eg vil aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde. 22Heretter skal sånad og skurd, og kulde og hite, og sumar og vinter, og dag og natt aldri trjota, so lenge som jordi stend.»