1So sagde Herren til Noah: «Gakk inn i arki, du og heile ditt hus! For deg hev eg røynt for ein rettvis millom deim som no liver. 2Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, han og ho, og av dei dyri som ikkje er reine, eitt par, han og ho; 3like eins av fuglarne i lufti sju par, han og ho, so elde kann haldast i live utyver all jordi. 4For um sju dagar vil eg lata det regna på jordi i fyrti jamdøger, og rydja ut av verdi kvart liv eg hev skapt.» 5Og Noah gjorde i alle måtar so som Herren sagde honom fyre. 6Noah var seks hundrad år gamall, då storflodi kom med vatn yver jordi. 7Då gjekk Noah og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom inn i arki, og berga seg for flaumen. 8Og av dei reine dyri, og av dei dyri som ikkje er reine, og av fuglarne, og av alt det som krelar på marki, 9kom par og par, han og ho, inn i arki til Noah, so som Gud hadde sagt Noah fyre. 10Og det hende, då dei sju dagarne var lidne, då kom vatnet fløymande yver jordi. 11Den syttande dagen i den andre månaden i det året då Noah fyllte seks hundrad år, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmellukorne let seg upp. 12Og regnet fossa ned på jordi i fyrti dagar og fyrti næter. 13Denne same dagen gjekk Noah, og Sem og Kham og Jafet, sønerne hans Noah, og kona hans Noah, og dei tri sonekonorne hans med deim inn i arki, 14dei og alle villdyr, kvart etter sitt slag, og alt bufe, kvart etter sitt slag, og alt krek som krelar på jordi, kvart etter sitt slag, og alle fuglar, kvar etter sitt slag: alt som kvitrar, alt som hev vengjor. 15Og dei kom inn i arki til Noah, tvo og tvo av alt kjøt som det er livsande i. 16Og dei som kom inn, var han og ho av alt kjøt, so som Gud hadde sagt honom fyre. Og Herren let att etter honom. 17So kom flodi veltande yver jordi i fyrti dagar, og vatnet auka, og lyfte arki, so ho flaut upp ifrå jordi. 18Og vatnet voks og auka uhorveleg utyver jordi, og arki dreiv burtyver vatnet. 19Og vatnet steig høgre og høgre yver jordi, so alle dei høge fjelli under heile himmelen vart gøymde. 20Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde. 21Då døydde alt kjøt som røyvde seg på jordi, både fuglar og bufe og villdyr og alt det som urde og krydde på jordi, og alt folket. 22Alt som hadde livsandedrag i si nos, alt som var på det turre landet, laut døy. 23So rudde han ut kvart liv som på jordi fanst, både folk og fe og krek og fuglarne i lufti. Dei vart utrudde av verdi, og att vart berre Noah og det som var med honom i arki. 24Og vatnet flødde yver jordi i hundrad og femti dagar.