1Dette er boki um Adams-ætti: Den dagen då Gud skapte menneskjet, skapte han det i Guds likning. 2Til kar og kvinna skapte han deim. Og han velsigna deim, og kalla deim menneskje den dagen då dei vart skapte. 3Då Adam var hundrad og tretti år gamall, fekk han ein son som var so lik honom som det skulde vore hans eige bilæte, og han kalla honom Set. 4Og etter han hadde fenge Set, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter. 5Og alle livedagarne hans Adam vart ni hundrad og tretti år. So døydde han. 6Då Set var hundrad og fem år gamall, fekk han sonen Enos. 7Og etter han hadde fenge Enos, livde han endå åtte hundrad og sju år, og fekk søner og døtter. 8Og alle dagarne hans Set vart ni hundrad og tolv år. So døydde han. 9Då Enos var nitti år gamall, fekk han sonen Kenan. 10Og etter han hadde fenge Kenan, livde han endå åtte hundrad og femtan år, og fekk søner og døtter. 11Og alle dagarne hans Enos vart ni hundrad og fem år. So døydde han. 12Då Kenan var sytti år gamall, fekk han sonen Mahalalel. 13Og etter han hadde fenge Mahalalel, livde han endå åtte hundrad og fyrti år, og fekk søner og døtter. 14Og alle dagarne hans Kenan vart ni hundrad og ti år. So døydde han. 15Då Mahalalel var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Jared. 16Og etter han hadde fenge Jared, livde han endå åtte hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter. 17Og alle dagarne hans Mahalalel vart åtte hundrad og fem og nitti år. So døydde han. 18Då Jared var hundrad og tvo og seksti år gamall, fekk han sonen Enok. 19Og etter han hadde fenge Enok, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter. 20Og alle dagarne hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han. 21Då Enok var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Metusalah. 22Og etter han hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter. 23Og alle dagarne hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år. 24Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok honom til seg. 25Då Metusalah var hundrad og sju og åtteti år gamall, fekk han sonen Lamek. 26Og etter han hadde fenge Lamek, livde han endå sju hundrad og tvo og åtteti år, og fekk søner og døtter. 27Og alle dagarne hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han. 28Då Lamek var hundrad og tvo og åtteti år gamall, fekk han ein son, 29og kalla honom Noah, og sagde: «Han skal hugga oss i arbeidet vårt, og i alt vårt slit og slæp på den jordi som Herren hev forbanna.» 30Og etter han hadde fenge Noah, livde han endå fem hundrad og fem og nitti år, og fekk søner og døtter. 31Og alle dagarne hans Lamek vart sju hundrad og sju og sytti år. So døydde han. 32Då Noah hadde fyllt fem hundrad år, fekk han sønerne Sem og Kham og Jafet.